Norsk Språktest og litt til

Share

I dag var det vinterens Norsk Språktest for utlendingar som lærer norsk. Ikkje så mange som vår og haust, men ein god del spente folk frå mange kantar av verda samla seg på den gamle lærarskolen i Kristiansand for å prøve å klare testen og få papiret som gjer at dei kan søkje om norsk statsborgarskap når dei har vore sju år i landet.

Eg hadde ein elev som ville prøve seg på testen denne gongen, så eg møtte henne på Rutebilstasjonen i Kristiansand og hadde ein liten pep-talk i bilen på veg opp til Lund, der den gamle lærarskolen ligg. Så sprang ho inn for å registrere seg, og klokka 11 starta lytteprøven. Deretter var det leseprøve og skriftleg produksjon, alt på tre timar. Litt før klokka to var ho ferdig.

-Korleis gjekk det?
-Betre denne gongen enn sist. Jeg forstod nesten alt. Men hva er substantivet for verbet kollidere?
-Kollisjon, nesten som på engelsk.
-Og hva betyr trang? Buksa er for trang.
-Da får du den ikke på deg
-Uff, det var feil. Jeg visste ikke det ordet.
-Hva skrev du om i den skriftlige oppgaven?
-Det handlet om mat i hjemlandet mitt. Vi skulle skrive en side, jeg kunne skrevet mer. Men jeg snakket med en annen som var på testen, hun syntes det var vanskelig å skrive om mat i hjemlandet, ikke vanskelig å snakke, men vanskelig å skrive. Jeg skrev om steikt ris, spaghetti og suppe. Da var arket fullt.

Ikkje unaturleg at vi etter denne praten måtte innom Asiabutikken i Kristiansand og få oss noko. Det er lettvint når ein har bil å få med seg varer frå byen. Der møtte vi også ein annan elev som hadde vore til byen. Han starta dagen med vaskejobben sin før han tok bussen klokka 7.20. Ikkje rart om han sovna på bussen. Ein høneblund på turen heim vart det og.

Då gjekk praten om laust og fast, mellom anna om prestegjeldsgudstenesta i Valle kyrkje sundagen, der familiekoret song. Det var bilete og artikkel i Fædrelandsvennen i dag, Johs Bjørkeli hadde skrive ein fin artikkel om eit særprega arrangement. Trommer, skriftlesing på norsk og karen, korsong og solosong. Og om konserten laurdagskvelden, 7 menn som song, vakkert, fortalde passasjeren min.

Med slike passasjerar går turen til Valle fort. Snart synte GPSen i bilen at vi kryssa grensa til Valle. Besteland, Helle, Rysstad og Nomeland passerte vi og, så var det bare Sandnes og Kveste att før vi såg Vallebygda breie seg ut for oss. Og øvst i Leite eit hus der nokon venta folk heim med posar frå Asiabutikken. Godt å vere heime att.

Valle min heimstad, du spelar no basen….

Informasjonsmøte om Setesdalswiki

Share

Dugnad for Setesdal

Informasjonsmøte om Setesdalswiki, leksikonet alle kan skrive i, på
Setesdalsmuseet Rysstad torsdag 3. februar klokka 17 Merk tida.
Tak med laptop, så kan du prøve sjølv og få hjelp.

Setesdal Regionråd

Eg sende ovanståande annonse til Setesdølen i kveld. Etter at det stod artikkel om Setesdalswiki i Setesdølen fredag, er det no tid for informasjonsmøter om leksikonet og dugnaden for å skrive eit regionalt leksikon. Planen er å ha slike informasjonsmøter i kvar kommune, og på møtet for vel ei veke sidan på Sølvgarden avtalte vi at vi skulle starte på Setesdalsmuseet på Rysstad.

Du som les dette er velkommen anten du vil skrive eller bare høyre om prosjektet. Lat oss ta ein dugnad for Setesdal, dele kunnskap med kvarandre og gje Setesdal ein digital informasjonskanal ingen andre regionar har.

Program for veke 5, 2011

Share

Tysdag 1. februar 2011

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:00 Vottar og vanter og meir til. Annemor Sundbø fortel
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Fire Essar
21.00 Kyrkjebakken

Inga sending onsdag 2. februar,
Heile dalen-sending fredag 4. februar.
Program i fredagsavisa

Høyr oss på http://www.valleradio.com
Fylg Valle Radio på Facebook

Onsdagskveld med og utan spørsmål

Share

I sendinga frå kommunestyretmøtet onsdagskvelden var det til og med kome inn spørsmål til den offentlege spørjetimen. Det er ikkje så ofte folk nyttar seg av denne, men Sissel Åkre hadde to spørsmål til ordføraren denne kvelden.

Først var det førespurnad frå Valle bygdekvinnelag ved Sissel Åkre om Menighetshus og kyrkjestoge. Bakgrunnen er at Menighetshuset ikkje lenger er kyrkjelyden sitt hus, men seld til Valle kommune. Implisitt i spørsmålet låg nok tanken om kva ein skal gjere med huset, det er visst ikkje heilt avklart enno. Eksplisitt låg i spørsmålet uro over korleis Valle bygdekvinnelag skulle få arrangert basaren som dei pleier å ha på sauesjådagen, siste året tok vinden teltet dei hadde rigga til for å erstatte Menighetshuset, så dei måtte flytte til Menighetshuset likevel utan å ha førebudd noko der.

Ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund svara at kommunen neppe hadde realisert planane dei hadde for meninghetshuset til sauesjået neste år, så Valle bygdekvinnelag kunne nok rekne med å få låne huset neste år også.

Deretter var det Førespurnad frå Valle Mållag ved Sissel Åkre om oppvask etter kulturarrangement på Soknehuset og i Kultursenteret. Før har det vore reinhaldaren som også vaskar opp, men no er det slutt på den ordninga, som Sissel syntest hadde vore ei god ordning. Når ein har rigga romet til arrangementet og deretter rydda romet tilbake til slik det var før arrangementet, burde ein sleppe å stå til langt på kveld med oppvasken, meinte ho.

Her svara ordføraren at om ein ville unngå rydding og oppvask, kunne ein legge arrangementet til Sylvgarden eller Valle Motell. Han skjøna likevel at dette ikkje høvde i alle situasjonar og meinte difor at kommunen som leier ut huset, kunne ha eit tilbod om oppvask til sjølvkost, det vil seie at laget eller forneinga betalar det som det kostar kommunen å engasjere ein reinhaldar til å gjere jobben. Dette var no til vurdering hos teknisk etat.

Spørjelyst var det og hjå representantane då ein kom til deira spørjetime. Liv Bratlie Løyland spurde om partnerskap vedrørande NAV og Steinar Kyrvestad spurde om bensinstasjonen i Valle. Det fyrste spørsmålet fekk eg ikkje heilt med meg samanhengen til, for eg fekk ein telefon akkurat då. Det andre handla om at Essostasjonen i Valle er stengd og at det er tungvindt å fylle diesel til traktor på kanner på Rysstad, så ordføraren, som og er forstanderskapsleiar i Valle Sparebank, burde presse på banken for at det kunne vere drivstoff på tankane for å fylle med kort i det minste. Det ville ordføraren ta med seg vidare.

Så starta den vanlege sakshandsaminga, og då var det ikkje så stor spørjelyst eller diskusjonslyst, så litt før klokka 20 var dei klare til å få kaffe og vaflar i Matstoga.

Til samanlikning høyrde eg at kommunestyret i Bygland kvelden etter heldt på til klokka halv eitt, og bare fekk litt kringle til servering for eit møte som varte i over seks timar. Ei kommunesamanslåing kunne kanskje vere ein tanke, i alle fall for byglendingane.

Siste tysdagssending i januar

Share

Eg pleier jo å skrive om sendingane mine her på bloggen, men eg ser at eg ikkje har skrive om siste tysdagssendinga i januar, og då kan eg jo gjere det i kveld, sjølv om det alt er nokre dagar sidan.

Då eg kom i radioen tysdagskvelden, var alt daudt, Måndag var det straumbrot i Valle, eg trur straumen gjekk og kom åtte-ti gonger på eit par timar, Då klarte ikkje sikringane til datamaskinane å halde, så eg måtte starte opp alle maskinane før eg kunne logge inn i programbanken og hente Over ein open Bibel og Møteplassen.

Dei siste gongene har eg klart å kome på lufta utan noko særlege problem, det gjekk bra denne tysdagen og. Du som les bloggen, hadde nok fått med deg kåseriet mitt, det heitte Til luft og til vanns. Så var det andakt ved Oddvar Søvik, Han talte i Bykle kyrkje 15. oktober 2010.

Country Gospel timen ved Per Govertsen gjekk frå halv sju til halv åtte. No får eg programma på CD, og då er det ikkje noko problem å spele dei. Eg er glad for programma, sjølv om eg ikkje kjem til å nytte dei kvar tysdag. Ettersom eg bare har sending ein gong i veka, vert det noko einsformig å bruke same stilen kvar gong.

Halv åtte snakka eg med Sissa Ringstad om Prestegjeldsaksjonen 2011, og klokka åtte var det Møteplassen, der Norea Mediemisjon hadde laga eit program med intervju med ei kvinne som var aktiv misjonær i Etiopia sjølv om ho var over åtti år.

Til slutt var det Postludium, og det var eg som hadde ansvaret for det denne kvelden. Eg likar godt å høyre Felix Hell spele orgel, så eg fann han på Spotify og nytta ei plate frå 2005. Då fekk folk høyre Josef Rheinbergers Abendfriede, Finale av Louis Vierne frå hans fyrste orgelsymfoni og til slutt Franz Liszt sin komposisjon Preludium og fuge over B-A-C-H. Felix Hell spelte på orgelet i First-Plymouth Congregational Church, Lincoln, Nebraska, USA. Det er eit Schoenstein-orgel av høg kvalitet frå midt på 1990-talet og programmet var strålande gjennomført. Det er rart å tenke på at vi møtte denne organisten i Trøndelag for nokre år sidan, då spelte han fleire konsertar der oppe, og vi la sommarferien dit for å høyre han, noko som var ei stor oppleving, då var han kanskje bare 15-16 år, alt då ein virtuos, no ein etablert konsertorganist som har gjeve konsertar over heile verda.

Så runda eg av heile programmet med Kyrkjebakken, ikkje så mykje å melde om tysdagskvelden. Men eg avslutta med musikk av Guttane, som skal halde konsert i Valle kyrkje i morgon kveld. Og så let eg platene snurre til halv elleve medan eg arbeidde litt vidare med stoff til Setesdalswiki frå kveldens program. Det kan du lese her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogram_25._januar_2011

Reinshornheii

Share

Reinshornheii er det høgaste fjellet i Bygland kommune. Det ligg i Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsvernområde og er 1162 meter. Toppen ligg lengst nord og vest i Bygland kommune og er lettast å nå om ein går frå Øyuvsbu og sørover til Vidalega. Derifrå går ein austover opp til toppen. Koordinatane er (Latitude: 58° 58′ 60 N, Longitude: 7° 16′ 0 E).

Dette skreiv eg i Setesdalswiki i dag. Utgangspunktet var eit bilete i Setesdølen frå 29. juni i sommar der Reidar Tveito hadde fotografert ein molteblom i Reinshornheii. Då eg hadde lese biletteksten hans, tenkte eg at der lærte eg noko nytt, for eg visste ikkje kva som var den høgaste toppen i Bygland kommune.

I Aust-Agder er det Sæbyggjenuten som er den høgaste toppen. Den ligg på grensa mellom Bykle og Tokke, så han er samstundes høgaste toppen i Bykle kommune. På andre sida av dalen, på grensa mellom Sirdal og Valle, nord for Roskreppfjorden, ligg høgaste toppen i Valle kommune, Urddalsknuten. Som eg skreiv innledningsvis er også Reinshornheii på Vestheia, og høgaste toppen i Evje og Hornnes kommune er Midstrandknuten. Den er 790 meter, Sæbyggjenuten er 1507 meter og Urddalsknuten er 1434 meter, høgaste fjellet i Vest-Agder og altså samstundes høgaste toppen i Valle kommune.

Men det som gledde meg mest i dag var nok at eg skreiv ein epost til Per Arvid Åsen som var på tur til Reinshornheii i 2009 og då tok nokre bilete som han lasta opp på Flickr, ein nettstad der ein kan dele bilete og gje andre høve til å sjå dei. Eit Google-søk gjorde at eg fann eit bilete av varden på toppen av Reinshornheii, og eg tenkte at det hadde vore fint å ha med i artikkelen. Per Arvid Åsen er botanikar og har mange plantebilete på Flickr, sjå http://www.flickr.com/photos/candidum/ om du likar å sjå vakre blomar. Per Arvid Åsen var positiv til at eg kunne nytte biletet og sa at Setesdalswiki var eit flott tiltak og ønska lukke til vidare med prosjektet. Det er alltid hyggeleg å få godord, så eg var glad og takksam. No ligg biletet i artikkelen saman med eit kart som syner kor høgaste toppen i Bygland ligg. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Reinshornheii

Slik vart den artikkelen til.

Kommunestyremøte januar 2011

Share

Dette var programmet i Valle Radio i kveld. Det starta klokka 18, og eg trur folk sat rundt kaffebordet i matstoga klokka 20. Då hadde dei høyrt Lasse Eidskrem fortelje om reiselivssatsinga i Setesdal.

Til ei forandring var det offentleg spørjetime, og Sissel Åkre nytta høvet til å stille to spørsmål i kveld. Først på vegner av Valle bygdekvinnelag, då lurte ho på korleis det gjekk med planane om kyrkjestove og om bygdekvinnelaget kunne rekne med å bruke Menighetshuset til basaren sin også under sauesjået i 2011. Det meinte ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund at dei kunne, han rekna ikkje med at huset kom til å bli rive i år. Det neste spørsmålet gjaldt oppvask i Soknehuset og Storstoga. Før var det reinhaldar på dei to plassene som stod for denne oppvasken, no må ein vaske sjølv etter arrangementet. Her meinte ordføraren at det var bare rett og rimeleg at ein også tok oppvasken, men teknisk etat skulle sjå på om det var råd å få til ei ordning der ein kunne få nokon til å ta det mot at laget betalte det det kosta å vaske opp.

Deretter vart møtet sett med merknad om at eit par ekstrasaker kom svært seint. Alle møtene startar med orientering frå rådmannen. Etter 10 månader med sjukefråvær var Arne Tronsen på plass att som rådmann. I tillegg til eiga orientering hadde han fått leiaren for omsorgsavdelinga til å kome med ein rapport til kommunestyret. Den, pluss ordføraren si orientering og representantane sine førespurnader, fekk eg ikkje med meg, for akkurat då fekk eg ein telefon og måtte skru av radioen.

Deretter gjekk det slag i slag med sakshandsaminga. Framlegget til vedtak vart lese opp, er det nokon som vil ha ordet til saka? Eg ser ingen, då kan vi rekne dette som samrøystes. Og så klubba han. Slik gjekk sak etter sak. Det var bare saka om Strategisk plan for kultur og næring i Valle kommune 2011-2014 som ikkje var samrøystes, der hadde Pål Dale eit endringsframlegg og fekk støtte frå Høgre slik at vedtaket vart justert med fire ord til det som du finn på Setesdalswiki, les her http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110126 om du vil sjå heile møtet.

Før prestegjeldsaksjonen

Share

I ei tidlegare sending snakka Bjørgulv T. Berg med Theis Salvesen i samband med at han skulle vere talar på Prestegjeldsaksjonen 2011.

I kveld var det min tur til å snakke om dette, og eg fekk Sissa Ringstad på telefonen for å høyre henne fortelje om det som skal skje komande helg i Valle.

Før ho fekk ordet, spelte eg musikk av Guttane, mannskoret på åtte frå Vennesla som skal halde konsert i Valle kyrkje laurdagskvelden klokka 19.30. Her er heimesida deira: http://www.guttane.no/

Aksjonen startar med møte i Valle kyrkje fredagskvelden klokka 19.30. Der skal Theis tale, og det skal vere sang av Åslaug Dahl og Rebekka Hjellnes, to unge jenter frå Bykle. På gudstenesta sundag klokka 11 skal Familiekoret syngje, dei har øving onsdag klokka 17 i Valle kyrkje, og om nokon har lyst til å vere med, er det bare å stille opp. -Dette koret er så moro, sa Sissa.

I tillegg til desse arrangementa vert det kurs i å spele djembe, her er lenke til dette instrumentet: http://no.wikipedia.org/wiki/Djembe Ein treng ikkje ha det sjølv, ein kan få låne i kyrkja. Det skjer eit par timar laurdag ettermiddag.

Sissa fortalde at det har vore prestegjeldsaksjon i 12 år no, dusinet fullt, og at det i fjor var i Bykle kyrkje, men i år vert alt i Valle kyrkje. Før var dei i alle kyrkjene, men ein vil nok kanskje heller samle seg om desse to stadene no. Oppslutninga har vore god, og i grunnen ikkje endra seg så mykje om ein bytta stad.

Om alle vennene som Theis har på Facebook stiller opp fredagskvelden, vert det fullt i Valle kyrkje, ja sjølv om bare halvparten kom i kyrkja, ville det verte trongt i benkeradene.

Etter praten med Sissa spelte eg meir musikk av Guttane, og då sendinga var slutt, let eg platene deira gå vidare i vel ein time, så no skulle nok stilen og musikken deira vere kjent i radioen sitt nedslagsfelt.

Program for veke 4

Share

Tysdag 25. januar

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Country Gospel timen med Per Govertsen
19:30 Aktuell halvtime
20:00 Møteplassen
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 26. januar

Teknikar: Jørund Georg Jore

18:00 Kommunestyremøte

Les på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside
Høyr på http://valleradio.com – det kan du gjere frå klokka 18 i morgon, om du prøver no, er det ingen lyd der.

På Hovedsida til Setesdalswiki kan du gå til siste program i Valle Radio. No ligg programmet for sist onsdag der, Øyvind Jacob skreiv inn informasjon om det sist veke. Når tysdagsprogrammet startar, vil eg lage lenke til det programmet med informasjon om innhaldet i tysdagssendinga.

Artikkelen om Annemor Sundbø er ukens artikkel på Setesdalswiki. Ho skal vere med i Valle Radio neste tysdag, 1. februar og fortelje om den nye boka si. Det vil etter kvart kome artikkel om den boka og etter kvart på Setesdalswiki.

Til luft og til vanns

Share

Det var ein strålande morgon i dag. Vi sat ved frokostbordet og såg ut på sola som gylla Øygardsfjellet på andre sida av Tregdevegen der vi bur. Over fjellet kom plutseleg eit fly fram, og vi kom til å snakke om det. Kor det skulle hen og kor høgt det var.

Etter frokost kom eg til å sjå ut i ein annan retning, og der var det eit nytt fly som kom nordover. Slik vi bur, er det ein del flytrafikk over oss, radiofyret i Søgne er nok ein av grunnane til det. Då eg undra meg over det, gjekk Reidun til datamaskinen og fann fram Fædrelandsvennen på nett, http://fvn.no. Når ein trykkjer på framsidefana der, kjem det nye faner, og ei av dei er til flytrafikk. Om ein trykkjer på den, får ein opp eit kart som syner alle flya over Sør-Norge. Det flyet som gjekk nordover, høyrde til Ths. Cook og då eg klikka på det, kom det opp informasjon om fart og høgd. Slik kunne ein gjere på alle flya på kartet. http://www.fvn.no/lokalt/trafikk/article800255.ece

Tilsvarande er det ei side som syner skipstrafikken. I kveld er Superspeed 2 på veg frå Kristiansand til Hirtshals med ein fart på nesten 25 knop. Det er fiskebåtar på veg ut på feltet, dei held 9 knop. Det er tankbåtar og lasteskip utanfor sørlandskysten. Naboen vår, som bur oppe på ein av toppane i området og har sjøutsikt, kan fylgje båtane i kikkert og gå inn og sjå kva for båtar som går utanfor Mandal.

Eg vart sitjande og tenkje på at for dei som bur slik til at dei ser ut over havet, er eit slikt tilbod ein nyttig ting. Shipspotting og planespotting får ein ny dimensjon ved ei slik teneste. Og mange av oss er litt hekta på slikt. Mange gonger stoppar eg på Kjevik når eg har køyrt folk dit for å sjå fly lette og lande. Det er fascinerande. Å få vite kor dei kjem frå og kor dei skal hen, er med på å gjere opplevinga større.