Radioblogg

Share

Eg måtte smile då eg køyrde oppover til Valle i kveld og høyrde på P2. Dei annonserte Radiobloggen som eit fast programinnslag som skulle kome klokka 22.20 kvar kveld. Mytekalenderen var flytt til klokka 06.20, den var for morgonfuglar frå 2011, i staden skulle P2-folka blogge.

I grunnen var det eit kåseri. Og ein blogg er som regel, i alle fall når det er tale om ordets blogg, eit kåseri, der ein skriv om ting som fell ein inn medan ein skriv. Web-logg var utgangspunktet for ordet. Ein skulle altså skrive ein logg for dagen på web, internett. Der har du nok grunnen til at eg som regel skriv bloggen min nokså seint på kvelden. Det er først då eg har oversikt over kva dagen har ført med seg.

Eg sat og høyrde kveldens Radioblogg i P2 og tenkte at dei var velkomne etter. No er det over fem år sidan vi starta Valle Radio sin blogg, det var i oktober 2005. Men i NRK siterte dei ein eller annan som hadde sagt at sosiale medier, som blogg, Facebook og Twitter, ikkje er ekte før dei gjev høve for mottakarane å svare på bloggen. Difor hadde dei i P2 diskutert om ein skulle sleppe publikum til i Radiobloggen, men det hadde dei gått bort frå. I staden vert det no folka i kulturavdelinga som skal blogge i P2 sin radioblogg. Det skal visst heller ikkje vere råd å kommentere, i alle fall fekk eg ikkje med meg noko lenke til det i kveld. Men dei sa at om det vart etablert ei gruppe på Facebook som kravde at publikum skulle få blogge i Radiobloggen, så måtte dei kanskje sjå på ordninga ein gong til.

På Valle Radio sin blogg har eg skrive over 2300 innlegg, og det har vore høve til å kommentere heile tida. Det står 75 kommentarar, det er jo bare 15 pr. år, så de lesarar har ikkje vore så ivrige til å kome med dykkar meiningar i høve til det eg skriv. Dette var og omtala i Radiobloggen på P2, dei meinte at det var svært mange gonger sjølv folk som jobba i radio ikkje hadde lyst til å kommentere eit innlegg, dei ville bare nyte det å vere lyttarar. I mitt tilfelle får det vere tale om lesarar. Eg vonar du nyt ein og annan av postane mine og tenkjer å halde på også i året som enno ikkje er skrive så mykje om.