Setesdalsloft og meir til

Share

Då eg fekk avisa i dag, det er Fædrelandsvennen eg tenkjer på, var det eit bilete eg kjenner godt oppe i høgre kanten på framsida. Sjeldne loft, var tittelen, og Rygnestadloftet var avbilda. Den artikkelen må eg sjå, tenkte eg og bladde opp til side 2 i andre delen, den som heiter Innsikt og gjer at avisa er mykje meir interessant å lese no enn ho var før. Der hadde Torgeir Eikeland skrive ein interessant artikkel med tittelen Sjeldnare enn vikingskip. Artikkelen handla om dei trihøgda lofta, det er bare att tre av dei, alle med opphav i Valle. Brottveitloftet er på Norsk Folkemuseum i Oslo, Nomelandsloftet er på Vest-Agder-museet i Kristiansand. Det siste loftet finn vi på Rygnestad, det kan ikkje flyttast, for det er bygd saman med stogehuset i Rygnestadtunet.

Men biletet på framsida var av Rygnestadloftet, som er på to etasjar, men med store dimensjonar på stokkane, svært velhalde og innhaldsrikt. Så biletet av det trihøgda loftet på Rygnestad hadde avisa ikkje fått med.

Då skreiv eg ein epost til Torgeir Eikeland og fortalde om skilnaden, og snart kom det svar tilbake om at han alt hadde fått merknad på det før, og at det ville kome ei retting i avisa i morgon. Samstundes lurte han på om eg visste kva tid det var bygd. Det visste eg, for eg hadde vore inne på heimesida til Setesdalsmuseet og funne at det var bygd i 1590, same året som stogehuset var sett opp. Det spesielle med dette loftet på Rygnestad er at toppen vart bygd fyrst, basert på mønsåsen til stogehuset. Med den som utgangspunkt bygde ein så loftet. Men det vart for tungt, taket på stoga tok til å lette i andre enden, og då måtte resten av loftet byggjast for å ta vekta av toppetasjen bort frå stogehuset.

Eg ville jo gjerne skrive om dette på Setesdalswiki, men så langt er eg ikkje kome enno, for når eg skal skrive ein artikkel på Setesdalswiki, likar eg å ta utgangspunkt i ei rød lenke, og då må eg fyrst skrive ein artikkel om Rygnestadtunet der det kjem ei rød lenke til det trihøgda loftet. Så langt er eg ikkje komen enno, det har vore mykje anna og som har hendt i dag og som har gjort at eg ikkje har fått tid til det enno. Men ein liten start har det blitt: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Rygnestadtunet