Setesdalswiki veks

Share

I går var «all time high» for Setesdalswiki med besøk av 116 unike brukarar. Når det før har vore mest vanleg med besøkstal på mellom 50 og 70, skjønar du sikkert at eg jublar litt. Grunnen er nok at Setesdalswiki vart nemnd på wikipedia i går, rett nok bare i ein bisetning som ein liten wiki med 653 artiklar (663 i dag), men med lenke som gjorde at folk kunne trykke seg rett frå wikipedia til setesdalswiki. Dermed var det mange som fekk lyst til å sjå kva det var for noko, reknar eg med. Difor vart eg endå meir overraska då det i kveld var 117 unike brukarar innom. Eg hadde trudd det skulle gå ned mot normalen att.

Setesdalswiki er nok avhengig av samarbeidet med Setesdølen og Valle Radio. Då Setesdalswiki vart starta, var det for å ha ein lokal nettstad der folk innan næringslivet sjølve kunne skrive inn informasjon om si bedrift. Det har skjedd i liten grad, næringslivsfolk seier til meg at dei er glade dei kan svare på epost, om dei skal skrive om si eiga bedrift på Internett, får dei angst. Så den intensjonen ein hadde då Setesdalswiki vart starta for snart to år sidan, har ikkje gått i oppfylling. Men i sommar fekk eg eit samarbeid med Setesdølen, slik at eg kan leggje ut overskriftene i avisa på Setesdalswiki. Setesdølen har ikkje noko nettavis, dei legg bare ut eit bilete av framsida. Det kopierer eg og legg som illustrasjon i artiklane. Men eg lagar lenker der det høver, og dermed kan den som les Setesdalswiki klikke på lenker der ein vil vite meir. Sjølvsagt er det ikkje så mykje enno, men systemet fungerer. I går stod det at Bygland husflidslag skulle arrangere grautkuptekurs. Eg laga ei lenke til grautkupte, leita litt rundt på Internett og i boka Rette klede i Setesdal som Valle bygdekvinnelag har gjeve ut og laga ein artikkel om grautkupte. Den kan du lese her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Grautkupte Då fekk eg lenke til Bygland husflidslag, eg hadde skrive om det tidlegare. Så høvde det slik at på boka eg henta stoff frå var det litt informasjon om Valle bygdekvinnelag, så eg laga ein artikkel om det også. Dermed får den som klikkar på lenka om grautkupte meir informasjon.

Det same skjer når det gjeld Valle Radio, der skriv eg om kvart program, så setesdalswiki fungerer som ei heimeside for Valle Radio. Nå har Valle Radio informasjonsside på Facebook, men det er ikkje av same typen, så dei to typar media utfyller kvarandre. Her er informasjon om tysdagsprogramma hausten 2010: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Liste_over_tysdagsprogram_i_Valle_Radio_2010

For kvar veke kjem det meir stoff. I dag var det eit par som registrerte seg som brukarar. Om fleire vert med og skriv, så vil det vekse fortare enn når bare eg skriv, så du som les dette, er velkommen til å bli med og hjelpe til slik at Setesdalswiki veks.