Køyr forsiktig

Share

På vegen nedover Setesdal fredag ettermiddag hørde eg på NRK P1. Dei har trafikkmeldingar og som oftast er det bilberging eller omkjøring på grunn av stengde vegar no om vinteren. Men denne fredagen, i går, var det ei ulukke i Lavangsdalen i Troms, hovudvegen inn til Tromsø. Etter kvart kom det fram at fem menneske miste livet, over femti var innblanda i ulukka, ettersom bilen som fekk sleng trefte ein buss med handballspelarar frå Alta med nærare førti ungdommar på veg til handballturnering i Tromsø. Tre av dei drepte var leiarar ved Narvik sjukehus som hadde vore på leiarmøte på Universitetssjukehuset i Nord-Norge. Dei to andre var far og son frå Melbu. Mor og tvillingsystera vart skadde i ulukka, men overlevde.

Ein har prøvd å rekne ut kva kostnader ein som vert drept i ei trafikkulukke medfører for samfunnet og har kome til vel 23 millionar kroner. Samla kostnad for denne ulukka vart då 117 millionar. Samla kostnad for dei 22 menneskeliva som gjekk tapt i Lavangsdalen dei siste ti åra, var ein halv milliard, sa den profilerte legen Mads Gilbert og kravde fysisk skilje mellom vegbanane på strekningen. Annan stad på nettet las eg at det ofte er stor fart på denne strekningen og at folk oppmoda UP til å oftare ha kontrollar der.

Samstundes høyrde eg at det hadde vore minnemarkering for dei trafikkdrepte på Sørlandet. Sjølv om talet på drepte i trafikken er gått mykje ned dei siste åra, er det framleis høgt.

Eg kjende at eg vart gripen der eg sat i bilen. Eg ba ei bøn for dei som lever att etter å ha hatt ei slik ulukke på nært hald og om at eg måtte vere vara for ulukker på vegen.