Frå Oslo til Bykle

Share

Helge skulle vere med på møtet om Setesdalswiki som var torsdag. Det er han som har det tekniske ansvaret for databasen, og han var interessert i å vere med på idedugnaden eg skreiv om i går.

No høver det slik at han har fått seg bustad så nær jobben at han spaserer på jobb, og då kvitta han seg med bilen. Dermed var det aktuelt å ta buss til Valle, og etter å ha granska rutetabellar, kom han til at han kunne kome til Bykle om kvelden klokka 23.05. Det hadde eg aldri høyrt om, og eg spurde andre om det same, men det verka ikkje som om nokon visste det.

Då han kom på busstasjonen i Oslo stod Haukeliekspressen der og på bussen stod det Haukeligrend/Hovden/Bykle, så det var klart at det stemte. Halv seks gjekk han på bussen i Oslo, og etter å ha bytta til minibuss på Åmot, gjekk det strake vegen til Bykle. To personar gjekk av på Hovden, og då bussen hadde sett av Helge på YX i Bykle, snudde sjåføren og drog tilbake til Haukeligrend.

Eg møtte Jan Oddvar den kvelden, eg var nede og fekk meg bensin på Statoil Rysstad, og då stoppa bussen der slik at passasjerar skulle få handle litt og gå på do, det var jo stengt i Valle så det var ingen grunn til å stå lenge der, sa han. Eg spurde han då om dette og han fortalde at Bykle kommune hadde ein avtale med Haukeliekspressen om å køyre til Bykle om det var passasjerar – bare avstiging. Ein kunne altså ikkje rekne med at bussen kom om ein hadde vore på Hovden ein tur og ville reise heim seint på kvelden. Men elevar på Skigymnaset visste godt om bussen når dei hadde vore på tur austover og nytta den gjerne, etter det eg skjøna.

Etter mi meining er det ein buss som fortener å verte betre kjent i Valle og på Rysstad. Det er mest vanskeleg å kome fortare frå Oslo til Valle enn den tida bussen bruker, seks timar om ein vert henta i Bykle, og den turen er jo overkommeleg sjølv litt seint på kvelden.

Eg trur det er grunnlag for å lage eit innslag om dette i Valle Radio når det høver slik.