Kommunestyremøte januar 2011

Share

Dette var programmet i Valle Radio i kveld. Det starta klokka 18, og eg trur folk sat rundt kaffebordet i matstoga klokka 20. Då hadde dei høyrt Lasse Eidskrem fortelje om reiselivssatsinga i Setesdal.

Til ei forandring var det offentleg spørjetime, og Sissel Åkre nytta høvet til å stille to spørsmål i kveld. Først på vegner av Valle bygdekvinnelag, då lurte ho på korleis det gjekk med planane om kyrkjestove og om bygdekvinnelaget kunne rekne med å bruke Menighetshuset til basaren sin også under sauesjået i 2011. Det meinte ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund at dei kunne, han rekna ikkje med at huset kom til å bli rive i år. Det neste spørsmålet gjaldt oppvask i Soknehuset og Storstoga. Før var det reinhaldar på dei to plassene som stod for denne oppvasken, no må ein vaske sjølv etter arrangementet. Her meinte ordføraren at det var bare rett og rimeleg at ein også tok oppvasken, men teknisk etat skulle sjå på om det var råd å få til ei ordning der ein kunne få nokon til å ta det mot at laget betalte det det kosta å vaske opp.

Deretter vart møtet sett med merknad om at eit par ekstrasaker kom svært seint. Alle møtene startar med orientering frå rådmannen. Etter 10 månader med sjukefråvær var Arne Tronsen på plass att som rådmann. I tillegg til eiga orientering hadde han fått leiaren for omsorgsavdelinga til å kome med ein rapport til kommunestyret. Den, pluss ordføraren si orientering og representantane sine førespurnader, fekk eg ikkje med meg, for akkurat då fekk eg ein telefon og måtte skru av radioen.

Deretter gjekk det slag i slag med sakshandsaminga. Framlegget til vedtak vart lese opp, er det nokon som vil ha ordet til saka? Eg ser ingen, då kan vi rekne dette som samrøystes. Og så klubba han. Slik gjekk sak etter sak. Det var bare saka om Strategisk plan for kultur og næring i Valle kommune 2011-2014 som ikkje var samrøystes, der hadde Pål Dale eit endringsframlegg og fekk støtte frå Høgre slik at vedtaket vart justert med fire ord til det som du finn på Setesdalswiki, les her http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110126 om du vil sjå heile møtet.