Onsdagskveld med og utan spørsmål

Share

I sendinga frå kommunestyretmøtet onsdagskvelden var det til og med kome inn spørsmål til den offentlege spørjetimen. Det er ikkje så ofte folk nyttar seg av denne, men Sissel Åkre hadde to spørsmål til ordføraren denne kvelden.

Først var det førespurnad frå Valle bygdekvinnelag ved Sissel Åkre om Menighetshus og kyrkjestoge. Bakgrunnen er at Menighetshuset ikkje lenger er kyrkjelyden sitt hus, men seld til Valle kommune. Implisitt i spørsmålet låg nok tanken om kva ein skal gjere med huset, det er visst ikkje heilt avklart enno. Eksplisitt låg i spørsmålet uro over korleis Valle bygdekvinnelag skulle få arrangert basaren som dei pleier å ha på sauesjådagen, siste året tok vinden teltet dei hadde rigga til for å erstatte Menighetshuset, så dei måtte flytte til Menighetshuset likevel utan å ha førebudd noko der.

Ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund svara at kommunen neppe hadde realisert planane dei hadde for meninghetshuset til sauesjået neste år, så Valle bygdekvinnelag kunne nok rekne med å få låne huset neste år også.

Deretter var det Førespurnad frå Valle Mållag ved Sissel Åkre om oppvask etter kulturarrangement på Soknehuset og i Kultursenteret. Før har det vore reinhaldaren som også vaskar opp, men no er det slutt på den ordninga, som Sissel syntest hadde vore ei god ordning. Når ein har rigga romet til arrangementet og deretter rydda romet tilbake til slik det var før arrangementet, burde ein sleppe å stå til langt på kveld med oppvasken, meinte ho.

Her svara ordføraren at om ein ville unngå rydding og oppvask, kunne ein legge arrangementet til Sylvgarden eller Valle Motell. Han skjøna likevel at dette ikkje høvde i alle situasjonar og meinte difor at kommunen som leier ut huset, kunne ha eit tilbod om oppvask til sjølvkost, det vil seie at laget eller forneinga betalar det som det kostar kommunen å engasjere ein reinhaldar til å gjere jobben. Dette var no til vurdering hos teknisk etat.

Spørjelyst var det og hjå representantane då ein kom til deira spørjetime. Liv Bratlie Løyland spurde om partnerskap vedrørande NAV og Steinar Kyrvestad spurde om bensinstasjonen i Valle. Det fyrste spørsmålet fekk eg ikkje heilt med meg samanhengen til, for eg fekk ein telefon akkurat då. Det andre handla om at Essostasjonen i Valle er stengd og at det er tungvindt å fylle diesel til traktor på kanner på Rysstad, så ordføraren, som og er forstanderskapsleiar i Valle Sparebank, burde presse på banken for at det kunne vere drivstoff på tankane for å fylle med kort i det minste. Det ville ordføraren ta med seg vidare.

Så starta den vanlege sakshandsaminga, og då var det ikkje så stor spørjelyst eller diskusjonslyst, så litt før klokka 20 var dei klare til å få kaffe og vaflar i Matstoga.

Til samanlikning høyrde eg at kommunestyret i Bygland kvelden etter heldt på til klokka halv eitt, og bare fekk litt kringle til servering for eit møte som varte i over seks timar. Ei kommunesamanslåing kunne kanskje vere ein tanke, i alle fall for byglendingane.