Godt nytt år

Share

Eg slutta fjoråret med å takke for det gamle, så då får eg skrive det nye årets første blogg med å gratulere med det nye.

Jo lenger ein lever, jo større er sjansen for at ein lever lenge, var det ein som sa. Men vi har sett at fleire har blitt leita etter i nyårshelga, og som vanleg har det vore brannar på grunn av fyrverkeri. Det må ha vore ille å verte huslaus i ein familie med åtte barn, slik vi kunne høyre om i dag. Ille er det jo uansett, men med så mange familiemedlemmer er det ikkje lett å finne seg ein ny og høveleg stad å bu og sikkert ikkje enkelt å finne ein stad å vere i ventetida heller.

Elles kunne vi høyre at det var mange augeskader som følge av fyrverkeri som løp løpsk. Sjølv har eg alltid halde meg langt unna fyrverkeri, så for dei som kjenner meg er det sikkert ikkje noko bombe å få vite at eg stør dei som meiner at nyårsfyrverkeri bør vere ei kommunal sak. Unntak kan eventuelt gjerast for folk som bur ei halv mil frå næraste nabo eller noko liknande.

Nyårsdagen pleier ofte vere ein sløvedag, som syster mi kalla det i ein SMS eg fekk frå henne i dag. Det er nyårskonserten og hopprennet på TV, men elles er dagen stille. Sjølv fekk eg med meg begge to, og hopprennet var vel helst ei sløvegreie, med bare ein omgang og lang pause midt i. Likevel vart det fall, heldigvis utan store negative konsekvensar, så vidt eg kunne sjå. Men triveleg at vi fekk ein norsk hoppar inn blant dei fremste, sjølv om han ikkje kom på topp tre.

Syster mi og mannen hennar kom på nyårsbesøk, det var triveleg å nyte jolebakst saman og å prate saman om slekt og familie og livet i sitt vanlege løp. Snart er jolehelga over og den daglege dont tek til, så vi fekk ei triveleg stund saman før dei drog heim att. Å bruke fridagar på denne tida til å vere saman med familie er ein god tradisjon, så eg er takksam for at dei tok turen. Sjølv har eg halde meg innomhus det meste av joleferien, kulda gav meg ikkje lyst til å gå ut, og då den gav seg, vart det så glatt at eg på ingen måte ville ta turen på glattisen om eg ikkje var temmeleg nøydd.

Men eg fekk laga program til tysdagssendinga 4. januar og til og med sendt det inn til Setesdølen i tide til at det kom med i romjolsnummeret. Så snart er vi i gang att.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *