Mellom Theis og Mariann

Share

Fyste onsdagssendinga i 2011 starta med Theis Salvesen, som skal gjeste Valle kyrkje under prestegjeldsaksjonen og tale der fredag 28. januar, og slutta med Mariann Uleberg frå Hovden, som studerer musikk i USA og som spelte tre stykke på gitar for oss i Valle Radio. Dei synte ein strålande teknikk og stor musikalitet og var ei rein oppleving å høyre.

Mellom desse ytterpunkta fekk vi så ein samtale om den anonyme alkoholikaren Yngvar om at AA vil prøve å starte med samlingar i Setesdal og skal ha eit informasjonsmøte om dette for heile Setesdal i Grendi neste onsdag klokka 18. Den som har lyst til å reise, kan kontakte NAV i kommunen, som vil organisere transport. AA vart starta i 1947 og har vore ei god hjelp for mange alkoholikarar sidan den gongen.

Bjørgulv fekk og tid til ein prat med Bjørnar Mørenskog, som har starta butikk på Hovden etter at han avslutta drifta på Hovden Fjellstoge. I butikken sel han klede frå Stormberg og bøkene og kartmåleria som han har gjeve ut. Bjørnar sin aktivitet er i skjæringspunktet mellom kultur og næring, og då Bjørgulv snakka med han i telefonen, var han på veg heim frå Kristiansand etter å ha henta eit lass med klede hos Stormberg. I tillegg til å drive butikk vil han framleis organisere pilgrimsturane frå Hovden til Røldal om sommaren.

Etter at Torleif Harstad hadde hatt Tankar frå Bibelen, kom konstituert rådmann Elise Marie Kringen i studio i programmet Kommunen informerer. Ho fortalde om alt som skjer i samband med helsereformen, sjølv hadde ho vore på eit møte i Arendal i dag og blitt oppdatert på ein del av det som skal skje i året som ligg framfor oss. Mange av dei emnene som ho fortalde om, har alt artiklar på Setesdalswiki, det var helst litt moro å sjå at det vart blå lenker i teksten etter kvart som eg skreiv. Du kan lese om heile kvelden om du fylgjer denne lenka: http://www.eskeland.net/w/index.php?title=Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110112&redirect=no

Klokka 20 presenterte Katrine Johnsen og Selma Margaret Dahlin frå Valle vidaregåande skule presenterer. Deira musikk i dag var av irsk og roleg slag, vel verd å høyre på. Og då dei var ferdige med sin etappe i kveldsprogrammet, var ringen slutta i høve til det eg starta denne bloggen med: Mariann Uleberg sin gitarmusikk, ho spelar elgitar, var sjeldan vakker. Og samtalen med henne var også til å få forstand av.

Klokka 21 overtok Ronny Stavsholt og Kåre Rike studio med Opi sending. Tema for rebusane var overnaturlege fenomen. Eg løyste nokre av rebusane og ringde inn, men kom ikkje til studio. Om eg vann krus, får eg finne ut på Facebook etter kvart, Britta Lise pleier å legge vinnarane ut der. Eg skreiv ikkje så mykje om opi sending på Setesdalswiki, eg vart distrahert og hadde ikkje høve til å få med meg alt som hende der. Men dei to i studio verka å ha ein triveleg kveld, klokka vart over 23 før dei sa god natt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *