Minneord på trykk eller nett

Share

I USA og i Storbritannia har avisene eigne folk til å skrive obituaries, minneord om folk som er gått bort. Her i landet skjer det meir etter innfallsmetoden, nokre aviser trykkjer personlege tekstar der det står mest om korleis den avdøde var som ven og i familie, andre aviser trykkjer ikkje minneord om dei ikkje har ein stor grad av faktainformasjon om den som er gått bort.

Etter at eg tok til å skrive på Wikipedia, har eg hatt god nytte av slike minneord når eg skulle skrive biografiar om personar som det var naturleg å ha med i dette nettleksikonet. Etter at eg starta Setesdalswiki har eg og hatt nytte av minneord frå Setesdølen og andre aviser for å skrive biografiartiklar om folk. No nyttar eg til og med dødsannonsane for å skrive ein liten biografi om ein som er død. I det minste kan eg få med både dødsdato og gravlegging, som oftast noko om familien også. Så vert det ein liten artikkel, og den dagen alle nummer av Setesdølen for 2010 er lagt inn i Setesdalswiki, vil ein og ha informasjon om kven som døydde det året.

Eit par gonger har eg snakka med redaktørenn av Setesdølen om dette. Han har lenge meint at kyrkjelydsblada burde trykt minneorda som presten held i samband med gravferd. Det ville truleg gjort at folk tok vare på kyrkjelydsblada, seier han. Sjølv ville han og gjeve spalteplass til slike minneord. Når ein sit i gravferda og er sorgfull, er det ikkje så lett å få med seg det som presten seier. Å lese det ei veke seinare kunne vere ein del av sorgterapien. Han har lufta tanken med prestar utan å få respons.

Eg luftar også tanken her på bloggen. Setesdalswiki kunne og vere ein plass for eit minneord etter ein som er død. Då kunne ein lesar finne det om han søkte på namnet og lese det når han eller ho hadde høve til slikt. Slike bidrag er velkomne på Setesdalswiki. Med tida vert det eit godt grunnlag for slektsgransking og bygdesogeskriving om folk vert med på den dugnaden det er å lage Noregs fyrste regionale leksikon som alle kan skrive i. Her er eitt eksempel på ein artikkel basert på bare ein dødsannonse: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Ottar_Fennefoss

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *