Reinshornheii

Share

Reinshornheii er det høgaste fjellet i Bygland kommune. Det ligg i Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsvernområde og er 1162 meter. Toppen ligg lengst nord og vest i Bygland kommune og er lettast å nå om ein går frå Øyuvsbu og sørover til Vidalega. Derifrå går ein austover opp til toppen. Koordinatane er (Latitude: 58° 58′ 60 N, Longitude: 7° 16′ 0 E).

Dette skreiv eg i Setesdalswiki i dag. Utgangspunktet var eit bilete i Setesdølen frå 29. juni i sommar der Reidar Tveito hadde fotografert ein molteblom i Reinshornheii. Då eg hadde lese biletteksten hans, tenkte eg at der lærte eg noko nytt, for eg visste ikkje kva som var den høgaste toppen i Bygland kommune.

I Aust-Agder er det Sæbyggjenuten som er den høgaste toppen. Den ligg på grensa mellom Bykle og Tokke, så han er samstundes høgaste toppen i Bykle kommune. På andre sida av dalen, på grensa mellom Sirdal og Valle, nord for Roskreppfjorden, ligg høgaste toppen i Valle kommune, Urddalsknuten. Som eg skreiv innledningsvis er også Reinshornheii på Vestheia, og høgaste toppen i Evje og Hornnes kommune er Midstrandknuten. Den er 790 meter, Sæbyggjenuten er 1507 meter og Urddalsknuten er 1434 meter, høgaste fjellet i Vest-Agder og altså samstundes høgaste toppen i Valle kommune.

Men det som gledde meg mest i dag var nok at eg skreiv ein epost til Per Arvid Åsen som var på tur til Reinshornheii i 2009 og då tok nokre bilete som han lasta opp på Flickr, ein nettstad der ein kan dele bilete og gje andre høve til å sjå dei. Eit Google-søk gjorde at eg fann eit bilete av varden på toppen av Reinshornheii, og eg tenkte at det hadde vore fint å ha med i artikkelen. Per Arvid Åsen er botanikar og har mange plantebilete på Flickr, sjå http://www.flickr.com/photos/candidum/ om du likar å sjå vakre blomar. Per Arvid Åsen var positiv til at eg kunne nytte biletet og sa at Setesdalswiki var eit flott tiltak og ønska lukke til vidare med prosjektet. Det er alltid hyggeleg å få godord, så eg var glad og takksam. No ligg biletet i artikkelen saman med eit kart som syner kor høgaste toppen i Bygland ligg. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Reinshornheii

Slik vart den artikkelen til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *