Rette klede i Setesdal

Share

Boka med denne tittelen har vi hatt heime ein del år, til tross for at vi ikkje har setesdalsbunad, korkje eg eller kona. Men i går fann eg fram boka og bladde gjennom henne, og det står ganske mykje der. I tillegg er det så mange fine bilete at ein vert sitjande og bla til augo blir både store og våte. Valle Radio sin medarbeidar Britta Lise Homme er avbilda i bunad, Andre kjende er heller ikkje vanskeleg å finne i boka.

Utgangspunktet for dette var at eg skulle skrive ein artikkel om grautkupte til Setesdalswiki. Til vanleg søker ein på Internett når ein skal skrive ein artikkel til dette nettleksikonet. Men der var det lite å finne, bare eit bilete av grautkupte som gjenstand i samlingane til Norsk Folkemuseum. Og så var ordet med i vallemal.no si samling av dialektord med forklaring. Det var forresten ein reportasje om denne sida i Setesdølen i dag. Der står det at databasen er på mest 9000 dialektord, og nye kjem til kvar veke.

I artikkelen hos setesdalswiki er det lenke til sida på Norsk Folkemuseum, der ein kan sjå bilete av ei grautkupte frå 1918. Eg vonar eg skal få på plass bilete av ei nyare grautkupte i artikkelen etter kvart.

I tillegg vil eg jo gjerne ha artiklar om andre klede frå Setesdal.

Ein tanke om “Rette klede i Setesdal”

  1. Mor mi, Gyro T Homme var flink med løyesaum, og det var ho som fyrst begynte med å pynte på grautkupta.
    Grautkupta var ikkje noko stasplagg, berre pynta med ei rand med grønt klede.
    Då ho begynte med å pynte opp kupta med løyesaum, vart ho kritisert av sume.
    “Me plage alli sosso.”
    Den pynta kupta vart rett populær, og vart ein led mellom vanlege klede og bunad.
    Prof. Olav B og Trond Viggo Torgersen var raske ute og tinga seg kupter.
    Hei og hå
    Ånund K

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *