Setesdalswiki veks

Share

I dag hadde Signe Sollien Haugå kalla inn til idedugnad om Setesdalswiki. Denne nettsida veks og har no over 700 artiklar og speglar tilhøve i Setesdal. 10 personar møtte på Sølvgarden og fekk vite meir om prosjektet og tenkje litt på korleis ein kan kome vidare.

På Setesdalswiki kan ein skrive om kultur, næring, personar og stader i Setesdal. Og mykje anna kan kome med. Det er fritt for alle å skrive, og så prøver vi å hjelpe kvarandre slik at artiklane vert gode og lesverdige. Dette prinsippet om at alle kan vere med trur eg har vore ein viktig grunn til suksessen til wikipedia globalt og nasjonalt. Men den nasjonale versjonen har reglar som gjer at lokale og regionale emne ikkje så lett finn ein plass i dette leksikonet. Difor kom ideen om eit regionalt leksikon der næringsliv og kulturliv kan omtalast på lik linje med alle kommunestyrerepresentantane, ikkje bare ordførarane.

Etter kvart vil nettstaden verte ei kjelde som andre kan bruke. Til dømes fann Sigurd Haugsgjerd informasjon han kunne bruke i Setesdølen som kjem i morgon, fredag 21. januar. Då han fortalde om det, lo eg, for eg hadde alt i sommar tenkt at noko slikt kom til å skje.

Idedugnaden førte til at vi vil prøve å få til nokre arrangement i alle kommunane der folk kan kome og få informasjon om prosjektet. Det er eit prosjekt som er basert på gleda over å lage noko meir enn av tanke på å tene pengar, alt er dugnad. Men mange bekker små, gjer ei stor å. Og ei stor å kan nyttast til mykje.

På 10 år har wikipedia vakse til over 3,5 millionar artiklar på engelsk og til over hundre språk. Den norske versjonen på bokmål har snart 300.000 artiklar og den nynorske har over 60.000 artiklar. Kven veit kor mykje stoff om Setesdal og dei nære bygder ein kan samle over ein slik periode. Eg trur det vil verte ei kjelde å ause av om vi fyller på henne med stadig nytt stoff i åra som kjem.

Setesdalswiki fungerer som ei slags heimeside for Valle Radio, program og element frå programma ligg som tekst der. Vil du vite kven ho er, den Mariann Uleberg som Bjørgulv T. Berg intervjua i fyrste sendinga i år, så finn du artikkel om henne. Og vil du vite kven som er i kommunestyret i Bygland og som snart skal avgjere om Ose Turistheim skal seljast, så kan du finne ein artikkel med liste over alle medlemmene. Enno er dei fleste lenkene raude, for artiklar om kvar og ein er ikkje på plass enno. Men du kan kanskje skrive ein artikkel om ein av politikarane der? Det er bare å klikke på den røde lenka og skrive ein kort biografisk tekst, så er du med på å vidareutvikle denne nettstaden.

Gå til http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside og registrer deg som skribent og bli med på denne store dugnaden, du og.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *