Siste tysdagssending i januar

Share

Eg pleier jo å skrive om sendingane mine her på bloggen, men eg ser at eg ikkje har skrive om siste tysdagssendinga i januar, og då kan eg jo gjere det i kveld, sjølv om det alt er nokre dagar sidan.

Då eg kom i radioen tysdagskvelden, var alt daudt, Måndag var det straumbrot i Valle, eg trur straumen gjekk og kom åtte-ti gonger på eit par timar, Då klarte ikkje sikringane til datamaskinane å halde, så eg måtte starte opp alle maskinane før eg kunne logge inn i programbanken og hente Over ein open Bibel og Møteplassen.

Dei siste gongene har eg klart å kome på lufta utan noko særlege problem, det gjekk bra denne tysdagen og. Du som les bloggen, hadde nok fått med deg kåseriet mitt, det heitte Til luft og til vanns. Så var det andakt ved Oddvar Søvik, Han talte i Bykle kyrkje 15. oktober 2010.

Country Gospel timen ved Per Govertsen gjekk frå halv sju til halv åtte. No får eg programma på CD, og då er det ikkje noko problem å spele dei. Eg er glad for programma, sjølv om eg ikkje kjem til å nytte dei kvar tysdag. Ettersom eg bare har sending ein gong i veka, vert det noko einsformig å bruke same stilen kvar gong.

Halv åtte snakka eg med Sissa Ringstad om Prestegjeldsaksjonen 2011, og klokka åtte var det Møteplassen, der Norea Mediemisjon hadde laga eit program med intervju med ei kvinne som var aktiv misjonær i Etiopia sjølv om ho var over åtti år.

Til slutt var det Postludium, og det var eg som hadde ansvaret for det denne kvelden. Eg likar godt å høyre Felix Hell spele orgel, så eg fann han på Spotify og nytta ei plate frå 2005. Då fekk folk høyre Josef Rheinbergers Abendfriede, Finale av Louis Vierne frå hans fyrste orgelsymfoni og til slutt Franz Liszt sin komposisjon Preludium og fuge over B-A-C-H. Felix Hell spelte på orgelet i First-Plymouth Congregational Church, Lincoln, Nebraska, USA. Det er eit Schoenstein-orgel av høg kvalitet frå midt på 1990-talet og programmet var strålande gjennomført. Det er rart å tenke på at vi møtte denne organisten i Trøndelag for nokre år sidan, då spelte han fleire konsertar der oppe, og vi la sommarferien dit for å høyre han, noko som var ei stor oppleving, då var han kanskje bare 15-16 år, alt då ein virtuos, no ein etablert konsertorganist som har gjeve konsertar over heile verda.

Så runda eg av heile programmet med Kyrkjebakken, ikkje så mykje å melde om tysdagskvelden. Men eg avslutta med musikk av Guttane, som skal halde konsert i Valle kyrkje i morgon kveld. Og så let eg platene snurre til halv elleve medan eg arbeidde litt vidare med stoff til Setesdalswiki frå kveldens program. Det kan du lese her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogram_25._januar_2011

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *