Svein Harberg i Valle Radio

Share

I kveld tok Øyvind Jacob ein telefon til Svein Harberg, stortingsrepresentant for Høgre frå Aust-Agder. Bakgrunnen var at Harberg har fremja eit dokument-8-framlegg i Stortinget for å få liv i saka om motorisert ferdsle i utmark.

I samtalen med Øyvind og Ørnulf Hasla fortalde Harberg, som har hytte på Hallbjønnsekken og som handlar i Valle når han er på hytta, at det har vore eit forsøk der åtte kommunar har hatt prøveordning med lokal forvaltning av lova. Det har fungert svært godt, og det har ikkje kome klagar på slik lokal forvaltning, Sirdal og Vinje var med i prosjektet, men ingen kommunar i Aust-Agder.

Men då prøveperioden var omme og det skulle lagast rapport basert på erfaringane, såg ikkje Direktoratet for Naturvern, som hansamar saka, på konklusjonane, men fremja sitt eige syn, som gjekk ut på ei strengare praktisering. Ettersom det var usemje i regjeringa, vart saka lagt vekk. Det er ingen tent med, og opposisjonen vil gjerne ha saka opp med tanke på å få til ei permanent ordning i tråd med forsøksordninga.

-Ein opplever jo at folk som har snøscooter, køyrer i hyttefelt og på vegar fordi det ikkje er lov å køyre lovleg med dei, sjølv om det er lov å kjøpe og å eige snøscooter, sa Harberg, som meinte at det var betre om det kom ei avklaring i Stortinget. No reknar han med at i løpet av eit par månader kan det kanskje verte ein debatt i Stortinget om saka.

Dette vart den einaste saka eg fekk høyre av kveldens sending. Eg tok meg ein tur til Rysstad for å fylle bensin, Esso-stasjonen i Valle er stengd og eg skal til Bykle i kveld og hente Helge, som kjem for å vere med på møtet om Setesdalswiki i morgon. På Statoil Rysstad møtte eg trivelege folk eg slo av ein prat med i staden for å høyre resten av nyhetstimen, så kva anna Øyvind og Bjørgulv snakka om, fekk eg ikkje med meg.

Men eg fekk med meg litt av Kommunen informerer, der Frode Buen brukte siste nummer av Bygdenytt for å minne om aktuelle saker. Øyvind fortalde og at treningsbassenget i fysioterapiavdelinga no er i drift att, etter to og eit halvt år utan basseng var det mange som gledde seg over at dei no kunne få trene i varmt vatn att. Om nokon legg ut informasjon på Setesdalswiki, får du heller lese meir der om sendinga i kveld: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110119

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *