Til luft og til vanns

Share

Det var ein strålande morgon i dag. Vi sat ved frokostbordet og såg ut på sola som gylla Øygardsfjellet på andre sida av Tregdevegen der vi bur. Over fjellet kom plutseleg eit fly fram, og vi kom til å snakke om det. Kor det skulle hen og kor høgt det var.

Etter frokost kom eg til å sjå ut i ein annan retning, og der var det eit nytt fly som kom nordover. Slik vi bur, er det ein del flytrafikk over oss, radiofyret i Søgne er nok ein av grunnane til det. Då eg undra meg over det, gjekk Reidun til datamaskinen og fann fram Fædrelandsvennen på nett, http://fvn.no. Når ein trykkjer på framsidefana der, kjem det nye faner, og ei av dei er til flytrafikk. Om ein trykkjer på den, får ein opp eit kart som syner alle flya over Sør-Norge. Det flyet som gjekk nordover, høyrde til Ths. Cook og då eg klikka på det, kom det opp informasjon om fart og høgd. Slik kunne ein gjere på alle flya på kartet. http://www.fvn.no/lokalt/trafikk/article800255.ece

Tilsvarande er det ei side som syner skipstrafikken. I kveld er Superspeed 2 på veg frå Kristiansand til Hirtshals med ein fart på nesten 25 knop. Det er fiskebåtar på veg ut på feltet, dei held 9 knop. Det er tankbåtar og lasteskip utanfor sørlandskysten. Naboen vår, som bur oppe på ein av toppane i området og har sjøutsikt, kan fylgje båtane i kikkert og gå inn og sjå kva for båtar som går utanfor Mandal.

Eg vart sitjande og tenkje på at for dei som bur slik til at dei ser ut over havet, er eit slikt tilbod ein nyttig ting. Shipspotting og planespotting får ein ny dimensjon ved ei slik teneste. Og mange av oss er litt hekta på slikt. Mange gonger stoppar eg på Kjevik når eg har køyrt folk dit for å sjå fly lette og lande. Det er fascinerande. Å få vite kor dei kjem frå og kor dei skal hen, er med på å gjere opplevinga større.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *