Triveleg måndag

Share

Ein måndag som den eg hadde i dag, det likar eg. Ein av elevane mine skulle til Evje for å ta køyretimar. Han er i siste innspurten no før oppkøyringa, teoriprøven er i boks, til og med bilen er på plass i garasjen. Men sjølve lappen manglar enno, og så hadde han fårt kjøretime i dag. Så avtalte vi at eg skulle hente han på Evje og ta han med oppover, slik at han slapp å vente heilt til kveldsbussen. Når ein dreg nedover med morgonbussen 7.20 frå Valle og så har seks køyretimar og ikkje kjem heim før klokka 19.15, vert det lite tid til jobben som reinhaldar, enn seie jobben med å lære norsk. Men dene gongen høvde det slik at eg kunne stanse på Evje og vente til han var ferdig. Dermed kom han tidleg heim og kunne få gjort begge deler.

Medan eg venta, gjekk eg innom Setesdalstrykk. No ligg det lenke til Setesdalswiki nederst på Setesdølen sine sider, og eg hadde ein triveleg prat med Knut på Bø. Han oppdaterte meg på Moisund avis, sjå http://www.moisund-avis.com/ og sendte med meg nokre eksemplar av avisa. Eg kan ikkje anna enn å seie meg imponert over avisene, som vert sende ut gratis til nedre Setesdal. Eg som bur i Øvre Setesdal kan bare få den av og til, men ettersom eg ikkje har postkasse her, ser eg den sjeldan.

Vi snakka litt Setesdalswiki, Knut på Bø var engasjert med i prosjektet då vi starta i 2009, men har ikkje kunna halde fram med engasjementet. Interessen er likevel til stades, og eg fortalde om at eg før helga hadde skrive om eit legat i Evje og Hornnes kommune og at eg lurte på å finne ut noko om han som stifta det. Legatet heiter Furer Aa. Aavitslands sogelegat, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Furer_Aa._%C3%85vitsland_sogelegat Knut kunne fortelje at ei av dei som jobba i Setesdalstrykk, heitte Aavitsland, så vi snakka med henne om dette, og ho tok ein telefon og sette meg på sporet. Så seinare i veka kjem det nok noko meir der.

Etter kvart vart eleven min ferdig med køyretimane, køyrelæraren hans var Alexander Gavoura, ein elev eg hadde på Valle skule då eg var lærar der. Vi fekk ein triveleg prat. Han hadde vore køyrelærar på Evje trafikkskule to år snart no, kom direkte til Evje etter han var ferdig med utdanninga.
-Køyrelærarar kan få jobb alle stader, sa han
-Du valde Evje, spurde eg.
-Det var ei budeie her, ja, svara han
-Rart med desse budeiene, ein vil helst vere der dei er, sa eg, og Alexander var enig.

Turen oppover dalen gjekk fint, og med ein liten stopp i Setesdølen for å hente aviser eg kunne skrive inn på Setesdalswiki, kom vi til Valle ved 15.30-tida. Då skulle eleven min gjennomføre reinhaldarjobben. Eg sette meg i Valle Radio for å planlegge sendinga i morgon kveld. Programmet skreiv eg her på bloggen i går kveld, trudde eg, men eg fekk problem med nettet mitt, så det har eg ikkje lagt ut enno, verkar det som. Då får det kome i morgon. Det ligg på Setesdalswiki, http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Tysdagsprogram_11._januar_2011

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *