Vet du hvem du er?

Share

Dette var tittelen på eit program på TV i kveld, og eg vart sitjande og fylgje med på det. Programmet handla om slektsgransking, og ettersom eg har ein son som er nokså aktiv med det og har teke i bruk data i slektsforskning, DIS, så hadde eg jo litt peiling frå før. Til eit slektsstevne for nokre år sidan gav borna mine ut ei bok om ei slektsgrein, og den har blitt flittig brukt i ettertida.

I kveld fekk vi fylgje Bjarne Brøndbo på leiting etter slekt, og då lærte eg ein god del. Til dømes handla det om dambygging i Namdalen, der var det fløtardammar som var ein heilt ukjend del av industrihistoria for meg. Heller ikkje visste eg at ein i Trondheim hadde ein stor innflytting frå Flensburg på 1700-talet. At bybrannar kunne leggje formuar i grus, det hadde ein jo høyrt om, men her fekk vi tydelege døme på kva konsekvensane kunne vere i ei tid utan forsikringsordningar.

Det fine med eit slikt program er at det fortel ei historie, og historieforteljing er jo meir enn å finne data i kyrkjebøker og linjer bakover. Å finne kva som løyner seg bak dei turre tala, det kan vere svært så interessant. Vi såg korleis Bjarne Brøndbo oppsøkte ein onkel han ikkje hadde møtt før, han var halvbror til mora og hadde ikkje vakse opp saman med halvsøstrene sine. Dermed fekk vi og eit innblikk i korleis livet kunne arte seg på bygdene. Det er rart å tenkje på at det i grunnen ikkje er så lenge sidan heller.

Det var ikkje fritt for at ein kunne trekkje linjer mellom omtalar og opplevingar i programmet og parallellar til eiga slekt. Slik vart programmet meir lærerikt og gav meir innsikt enn mykje anna. Det var skilnader mellom landsdelene i synet på kven ein skulle vekse opp saman med, vart det og sagt i programmet. Sjølv om programmet slik ikkje bare skildra solskin, når ein driv med slektsgransking, vil det fort kome fram tilhøve som ein ikkje ville vere så stolt av i vår tid, gav det innsikt og forståing for korleis livet kunne arte seg for folk her i landet for ikkje så mange år tilbake.

Eg gleder meg til neste program. Men truleg vil det vere vanskeleg å gjere noko slikt på radio. Bileta og filmsekvensane gjorde mykje for å levandegjere historia. Å bare fange så mykje stoff utan bilete, vil nok vere mykje vanskelegare. Menm bygdebøkene i Valle er verd eit studium. Snart er det vel tid med supplementsbind for å spegle det som har hendt dei siste 25 åra, det tek jo til å bli ei stund sidan bygdebøkene kom ut.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *