Wikipedia 10 år

Share

Laurdag var det 10 år sidan Wikipedia starta. Det er rart å tenkje på kor mykje som er blitt forandra på desse åra når ein ser det i wikipedia-perspektiv. Difor vart jubileet markert over heile verda. Den engelske versjonen av leksikonet er på 3,532,058 artilar i kveld når eg skriv dette. Den norske er på 287 803 artiklar og den nynorske er på 62 847 artiklar.

I veka før jubileet var det ein viss ståhei fordi det nynorske leksikonet Allkunne, som bare har om lag 1500 artiklar, hadde fått ein advokat til å skrive til wikipedia og klage leksikonet for brot på opphavsretten. Kravet var erstatning på 75.000 kroner pluss saksomkostningar. Vi som held på med wikipedia var noko overgjevne, for dei kunne bare teke kontakt med ein administrator på nynorsk wikipedia, der fadesen skjedde, så ville han ha sletta artikkelen om Arve Brunvoll. Opphavsretten er viktig, så wikipedia slettar alt som er kopiert frå andre stader på nettet, om det då ikkje er tydeleg at det er lov å kompiere. Alle som skriv må gje frå seg retten til det dei skriv, det er det som er grunnlaget for suksessen, trur eg. For då kan andre gå inn og fikse og utvide det som eg har starta på. Dermed veks artiklane heile tida, i tillegg til at det stadi kjem nye artiklar basert på raude lenker i tekstane som alt er skrivne.

Sjøv vart eg med på dette 12. juni 2006, så eg har femårsjubileum til sommaren. Eg har nok vore ein av dei meir produktive skribentane, passerte 42.000 redigeringar no i januar. Men for tida er eg litt slapp, eg har brukt 19 dagar på dei siste 50 redigeringane, og det kunne eg klare på ein dag når eg var på det mest aktive.

Grunnen til at eg er litt mindre aktiv på wikipedia er at eg har starta Setesdalswiki, eit regionalt leksikon der ein kan skrive om slikt som ikkje er nasjonalt, men som kan vere interessant nok for det. På denne wikien passerte vi 700 artiklar no i helga, og eg har nok skrive dei fleste. Sidan nyttår er det kome 60 nye artiklar, og eg har ansvaret for 58 av dei. Då eg i sommar fekk avtale om samarbeid med Setesdølen slik at eg kan skrive av overskriftene i avisa, gav det grunnlag for å kome vidare i arbeidet.

Torsdag skal vi ha eit møte for å snakke saman om vegen vidare. Signe Sollien Haugå i Setesdal Regionråd har sendt ut innbyding til ein del som steller med informasjon i kommunane i Setesdal og bedt dei om å invitere folk dei kjenner som kan vere interessert i dette. Det skal vere på Sølvgarden og startar med lunsj klokka 11.30 og så varer det til 14.30. Om du som les dette har lyst til å vere med, kan du melde deg på til post@setesdal.no

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *