Snufsande vinterferie

Share

Eg snufsar med Marit Bjørgen og Petter Northug jr denne vinterferien. Men mi snufsing er ikkje så edel som deira, edelt metall rundt halsen har eg ikkje, bare ein snufseklut. Der dei har titusenvis som ser snufsinga deira, kanskje til og med snufsar med dei i glede over medaljane, gøymer eg meg bak datamaskina og snufsar i veg. Fishermans Friend og Noskapin er kvar på sin måte gode i snufsinga mi, slimløysande brusetablettar på resept i tillegg burde vel etter kvart gjere ende på basiller og anna snufsefremjande smått.

Eg har altså ikkje vore det beste selskapet desse siste februardagane, det kom kasta over meg etter at eg i vinter hadde gått på jobb kvar dag medan elevar både i min klasse og andre klassar tok seg nokre snufsedagar heime. Eg hadde helst trudd at det skulle gå forbi meg, men til slutt landa dei i meg og. Ikkje slik at eg har halde senga, men det har vore nære på.

Å ha ein snufsande morfar er ikkje så triveleg som å ha ein morfar utan snufs, så barnebarn som var heime heldt eg meg på avstand frå. Dei hadde vinterferien sist veke, så det var ikkje så mange dagar vi fekk saman, og det var kanskje like godt. Eg vonar at dei ikkje fekk ein ny runde, dei hadde visst hatt sin tørn austanfor og.

Så vert det til at eg sit framom ein skjerm eller to. Anten tastar eg på artiklar til Setesdalswiki, no er snart alle avisoverskriftene frå Setesdølen 2010 i boks, eller så gløttar ein på TV-skjermen og tenkjer at dei er ganske fæle til å konkurrere. Og så vert det ein liten blund, eit par gonger har eg til og med mista sigeren i ein snufsande høneblund.

Jaja. Vonleg går det over utan å verte lungebetennelse.

Gratulerer Bykle

Share

10, klasse i Bykle tok seg heilt til finalen i klassequizen som NRK Sørlandet arrangerte. Der tapte dei knepent på eit spørsmål om folkegrupper i Rwanda. Hutuar og tutsiar er ikkje i mediebiletet no, så det var imponerande at Fiskå skole sine elevar klarte det og ikkje å skamme seg over for byklarane.

Difor vil eg gratulere dei tre elevane frå Bykle som i to dagar budde på hotell i Kristiansand og representerte kommunen på beste måte. Då det var klart at dei tapte, klappa dei for vinnarane – ingen sure miner sjølv om dei gjekk glipp av 5000 kroner til klassekassa.

Quiz er blitt ein populær aktivitet som tek mange former. Quiz på Valle motell har samla mange menneske det siste året, og dei rebusbaserte quizane vi har i Valle Radio har sine faste deltakarar når vi har opi sending onsdagskveldane, Radiolyttarane kan bruke alle hjelpemiddel, når ein konkurrerer i andre fora, får ein ikkje bruke hjelpemiddel. Det gjer prestasjonen til Bykle-elevane di større.

Eit forsøk

Share

Som eg fortalde tidlegare var det eit ønske om å ha rebusar og opi sending i kveld i høve at folk er på hytter i samband med vinterferien på Austlandet. Dermed tenkte eg at eg kunne prøve å få til noko, og Ørnulf stilte opp som teknikar. Telefonvakter fekk vi og, Gudrun Nomeland var på kommunestyremøte, men kom ned etterpå, Jorunn Lund Harstad lagar alltid kaffe etter kommunestyremøta, men då ho var ferdig, kom ho også ned for å hjelpe til om det vart en storm av telefonar.

Det vart det ikkje.

Eg laga rebusar ut frå aktuelle tilhøve, men dei seks rebusane hadde bare eit fåtal innringarar. Vi valde å gje premiar til alle:

Tor Haugum, Valle Radio-krus
Anne Nordli, Byglandsfjord knivblokk
Sunniva Vindal Franzen, duk, gåve frå Gyro K. Homme
Anne Lise Harstad, T-skjorte med Valle Radio-logo
Tor Haugum, lysestakar

Eg trur nok det vart med det forsøket. Kvelden var ikkje annonsert i avisa, og sjølv om vi kunngjorde sendinga på Facebook-sida til Valle Radio, var det få som fekk det med seg.

Før den opne sendinga, sende eg andakt frå serien Over ein open Bibel. Deretter var det ein prat med Tom Arild Homme – først eit opptak som Ørnulf gjorde på sundag, så ein telefon der han fortalde levande og interessant om jobben med å fjerne krypsiv med naturmetoden, ved å la elva fryse til, og deretter sleppe vatn på isen, slik at han kunne rive med seg krypsivet. Vi fekk høyre om mudderet som kom saman med isen, det kan føre til problem for bleka sine gytegroper, dei kan finnast heilt til Granheim, og vi fekk høyre om arbeidet dei planlegg for å fjerne krypsivet lenger nede i elva.

-Det kan verte sein vår på Langeid i år, siterte Tom Arild ein grunneigar som opplevde å få flaum inn på jorda si då isen skrudde seg opp i elva. Men dei sette på meir vatn, og då løyste det seg opp. Tom Arild Homme berømma dei mange som på ulike måter løyste problem i samband med dette prosjektet. Og Ørnulf siterte seg sjølv frå Facebook: Eg ofrar internett og TV ein dag for å få ei rein å.

Og så hadde eg Pål Dale på besøk i studio for å presentere KrF-lista til valet i 2011. Den kan du lese på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/KrF-lista_i_Valle_2011

Litt av kvart denne onsdagskvelden etter at kommunestyremøtet var ferdig.

Bykle-kveld

Share

Som eg skreiv om i går, ville Bykle kommunestyre ha møte i kveld. Eg trur at grunnen var at ordførar Kay skulle til Oslo og sjale seg hos Fabian Stang i samband med VM. Vi las i Setesdølen i dag at Fabian hadde invitert alle 430 ordførarane i landet til å kome på bankett i høve storhendinga, og at alle ordførarane i Setesdal skulle dit. Dermed flytta byklarane heller kommunestyremøtet.

Eg var ikkje usamd med dei i at å overføre kommunestyremøtet var viktigare enn mi tysdagssending. Men tipsa gjekk på at eg kunne rekne med å kome i gang ein time seinare enn oppsett plan, slik eg hadde kunnegjort den i Setesdølen. Men det skulle gå heilt annleis. Eg hadde invitert Anny Marie Brokke til å ha sangkveld i kveld, og ho kom ved sekstida, eg hadde prøvd å få sankke med henne og fortelje at det vart endringar, men ikkje nådd henne på huselefonen, og mobiltelefonen sjekka eg ikkje. Så var ho då her, til og med hadde med seg kake. Det høvde jo fint at vi kunne dele den medan vi venta,

Men klokka halv åtte sa ho at dei som ville høyre på tysdagssendinga har nok gitt opp no. Eg kunne ikkje gje henne urett i det, så ho gjekk heim, medan eg sat no og venta og vona. Men byklarane var både taleføre og taletrengte denne kvelden, så dei var ikkje ferdige før klokka 20.50. Då lukka dei møtet, og radioen kunne overlatast til meg. Men eg gjorde ikkje meir med det, normalt sluttar eg klokka 21.10, så det programmet eg hadde planlagt, får vi nytte ein annan kveld.

Men i løpet av kvelden avklara det seg at det er mogleg å ha sending i morgon etter kommunestyremøtet i Valle. Etter det eg har høyrt, er det varaordførar Pål Dale som skal leie det møtet. Dei kjem nok ikkje til å halde på så lenge som kommunestyret i Bykle, så eg trur at ved halv åttetida vil det vere råd å få til sending. Den blir nok litt annleis enn ei vanleg onsdagssending, men her er eit forsøk på ein plan:

1. Om krypsivfjerninga. Ørnulf prater med Tom Arild Homme
2. Andakten Over en åpen Bibel
3. Rebusar og musikk.

Ørnulf Hasla vert teknikar, Gudrun Nomeland, som sjølv må på kommunestyremøtet, har sagt ja til å vere telefonvakt, og sjølv skal eg prøve å få folk i tale. Kan hende vert det ei overrasking eller to også.

Funderingar

Share

Eg fekk eit spørsmål om det var rebusar i Valle Radio denne veka. Eg sa at det var det ikkje, det skulle vere kommunestyremøte onsdagskvelden. Det var ei telemarksdame som hadde vinterferie og var på hytta denne veka, og ho meinte det var fleire på hyttene no, så eg sa at eg skulle sjå om vi kunne få til noko.

Dermed gjekk eg frå Joker til Hasla og fortalde dette og lurte på om det var ok at eg prøvde. -Sjølvsagt kan du det, sa Ørnulf.

Men på tilbaketuren begynte eg å få litt kalde føter, for til ei slik sending treng ein telefonvakter og teknikar, i tillegg til den som lagar programmet. Det er ikkje sikkert det er så lett å få alle desse på plass ein onsdagskveld etter kommunestyremøtet.

Vel tilbake på skulen fekk eg ein telefon frå Ørnulf om at det skulle vere kommunestyremøte i Bykle i morgon frå 18. Dei trudde det ville bli kort, og så kunne eg ha mi tysdagssending. Eg hadde jo alt sendt programmet til avisa, det som står der i morgon er altså dugeleg feil. Om det var bare meg som var involvert, så var det jo greitt nok, men eg må ringe Anny Brokke som skulle ha sangtime frå 18.30 til 19.30 og endre den. Uff, det er ofte slik at eg tenkje, ja, det skal gå greitt, men når eg skal organisere det, vert det litt på slump.

Jaja, eg fekk ikkje gjort meir med det i dag, for eg grov meg ned i gamle nummer av Setesdølen. Eg har ambisjonar om å få på plass heile 2010-årgangen, alle overskriftene der og no ser eg enden på det. Eg får ringje i morgon og snakke med Anny og sjå kva eg gjer.

Og når eg har funne ut det, må eg sende melding til Britta Lise, slik at ho kan leggje det ut på facebook.

Dette vart jo ein heil bloggpost, eg trur eg legg det ut på bloggen, så kan lesarane sjå vurderingar og tankar før ei sending. Britta Lise kan jo lenke frå Facebook til bloggen min, så kan folk lese seg gjennom denne suppa her. Dei vert vel heller ikkje klokare, men det får no våge seg.

Og heller ikkje noko laurdagskvelden

Share

Tek Setesdalswiki all tida til skriving, så det ikkje vert noko blogging? Kanskje tenkte nokon slik då det heller ikkje laurdagskvelden kom nokon blogg i epostkassen. Det er om lag 20 som abonnerer på bloggen min og som får tilsendt melding når eg har skrive noko.

Men av og til stoppar det opp av ulike grunnar, og i går vart eg oppteken og gløymde heile skrivinga. Det er ikkje noko katastrofe for inntektene mine, eg høyrer om folk som tener store pengar på blogginga si, men dei må vel helst vere unge og fotogene. Min blogg er ord, bare eit profilbilete av meg sjølv og eit av Margunn, som venn. Slikt er nok ikkje til å verte rik av. Emnet eg skriv om er vel heller ikkje det mest sentrale i norsk debatt, for å seie det slik. Valle Radio er triveleg for dei som høyrer på eit par kveldar i veka, men programma våre set ikkje dagsorden for den store debatten i samfunnet.

Onsdag hadde Bjørgulv med Terje Breivold i Anticimex som gjest i halvtimen sin. Det var i grunnen eg som tipsa han om det, eg sat på Valle Bensin og fekk meg ein hamburger ein dag og høyrde han snakke med Silje om alt ein må passe på når ein sel mat til folk. Det var interessant å høyre på korleis firmaet hans, som nok er mest kjent for å utrydde skadedyr, også hjelper næringsdrivande med å oppfylle krav som Mattilsynet stiller. Det er visst slutt med at dei kjem rundt og kontrollerer særleg mykje, no skal du kontrollere sjølv, og så kjem dei og sjekkar protokollane som syner at du kontrollerer. Slike protokollar hjelper Terje Breivold folk med å fikse, han er tidlegare kjøkkensjef på Haraldvigen leirskule, der mange valldølar og hylstringar har vore og opplevd sjølivets gleder.

Men det er ikkje bare det anticimex hjelper med. Dei kontrollerer og om det er kome dyr som et ledningane i alle kraftstasjonane i Otravassdraget. Det er jo godt at det ikkje kjem noko som skapar kortslutning i ein kraftstasjon ller problem med datastyringa av produksjonen. Så Terje har nok å halde på med.

Denne onsdagen skulle eg hjelpe med eit opptak, slik at han slapp å kome i studio klokka 20.30. Men det skar seg, det var første gongen eg prøvde på eit slikt opptak, og då halvtimen var gått, var det blank disk. Terje var då på veg heim til hytta han har på Bjørnevatn, på vegen møtte han VIKING som var på tur ned frå Bjørnevatn med løypemaskina som vert nytta der, og som trong reparasjon. Det var ein brei transport og det gjekk ikkje likare enn at då han skulle starte att midt i bakken, var han komen utanfor vegen, så han måtte sjølv ha hjelp. Han fortalde om det på telefonen i samtale med Bjørgulv onsdagskvelden, det hadde teke litt tid før han fekk bilen på vegen att, denne kvelden var vegen over fjellet eigentleg stengd på grunn av uver.

Det ordna seg til slutt, men sanneleg kan det skje mykje ein ikkje høyrer om når det er ein gjest i studio i Valle Radio.

Sorry, ingen blogg i går

Share

I går vart det ingen blogging. Eg kom heim til Mandal klokka 23 etter å ha vore på informasjonsmøte om Setesdalswiki i kommunestyresalen i Evje og Hornnes kommune. Det kom bare tre personar, så vi var i eit mindre rom, så det vart ikkje slik som var annonsert i Setesdølen at vi skulle vere i kommunestyresalen. Men det vart eit godt møte, som dei gjerne seier. Dei som kom var interesserte, og det hadde vore nokre til som var interesserte, men der det kom noko i vegen, så vi får vone at det vert nokre artiklar etter kvart.

Eg fortalde om Setesdalswiki slik dette nettleksikonet for Setesdal no ser ut, med om lag 850 artiklar om folk og firma, natur og politikk, Setesdølen og Valle Radio. Klokka var over 21 før vi avslutta, og då var det ein kjapp tur innom YX for ein kopp kaffe før turen gjekk til Mandal. Eg sette på Kveldsnytt på TV, kona sa god natt, ho skulle på jobb i dag, og der sovna eg i stolen og bloggen segla sin eigen sjø den kvelden.

I løpet av kvelden fekk eg artikkel om kulturprisvinnarar i Evje og Hornnes kommune og om Blomsterstiftelsen i Evje og Hornnes kommune. I dag kom så Setesdølen med informasjon om nominasjonen i Evje og Hornnes AP og no er den lista på plass på Setesdalswiki. I kveld sende eg ein mail til Line Vennesland og spurde om ho kunne få på plass artiklar om dei nominerte, og snart etter kom artikkel om henne, henta frå Wikipedia. Då eg takka henne, kom det eit raust svar om at ho ville prøve å få på plass artiklar om dei andre frametter våren slik at det kunne vere artiklar om alle ettersom valkampen gjekk framover.

Eg vonar at det etter kvart kan bli noko meir fart i dugnaden for Setesdal. Eg gleder meg over kvart bidrag som kjem frå interesserte folk. Margunn lurte på om vi kom til å runde 1000 til vinterferien. Det skal nok mykje til, men kven viet. Om nokre fleire vert med i skrivinga, vil det ikkje vere umogleg.

Frå programleiar til intervjuobjekt

Share

Som oftast er eg programleiar i Valle Radio, men i kveld var eg intervjuobjekt. Bjørgulv T. Berg hadde lese i Setesdølen at eg skulle ha informasjonsmøte om Setesdalswiki i kommunestyresalen på Evje i morgon og meinte at det var på tide at eg snakka om det i den aktuelle timen.

Eg likar godt å snakke om Setesdalswiki, så det var ikkje noko problem, eg fekk om lag like lenge som då eg hadde informasjon om Setesdalswiki for lærarane på Valle skule, det vil seie ein halvtime. Eg fortalde om korleis Setesdalswiki kom i stand, og då han spurde om det var min ide, måtte eg innrømme at det var min ide, men at utgangspunktet var at vi skulle få til ei nettside som kunne binde saman bedrifter i heile Setesdal. I tillegg kunne ein leggje inn informasjon om natur og politikarar og kultur og mykje anna interessant. Setesdalswiki er ikkje ein konkurrent til bedriftene sine eigne nettsider, eg vil heller kalle det eit supplement. Medan bedrifter ofte har eit reklamepreg, skal artiklar på Setesdalswiki vere reklamefrie. Det betyr at teksten må vere objektiv. Tanken er og at den skal kunne stå ei stund, ofte vert heimesidetekst bytta ut nokså fort.

Setesdalswiki er den første regionale wiki der alle kan skrive i Norge. Det finst eit par andre regionale wikiprosjekt, men ein må vere tilsett i NRK for å kunne skrive på Sogn og Fjordane fylkesleksikon og på Nordland fylkesleksikon, så det er ikkje ope for kven som helst.

Eg har no vore med informasjonsmøte på Setesdalsmuseet, det var for Valle kommune, og i kommunestyresalen i Bygland, det var for Bygland kommune. No står Evje og Hornnes kommune for tur, og til slutt må eg ha eit tilsvarande møte i Bykle. Tanken er at dette dugnadsprosjektet skal fungere som lim i Setesdalsregionen, slik at ein med tida lærer kvarandre betre å kjenne. Til no er det eit besøkstal på vel seksti kvar dag, og om lag 850 artiklar.

I løpet av samtalen spurde eg Bjørgulv om han visste kva det høgaste fjellet i Valle heitte, og han lurte på om det var Svarvarnuten. Eg avleidde saka då han returnerte spørsmålet og fortalde i staden om det høgaste fjellet i Bygland kommune og om korleis eg kom til å skrive om det på Setesdalswiki. Det var basert på eit bilete av ein molteblom Reidar Tveito hadde teke på toppen av fjellet i sommar, og så sett biletet inn i Setesdølen saman med informasjon om Reinnshornheii. På Setesdalswiki er det kart som syner kor fjellet ligg. Grunnen til at eg avleidde han, var at eg vart usikker, og eg har ikkje skrive om det høgaste fjellet i Valle. I følge ei liste over dei høgaste fjella i kvar kommune i Norge er det Urdalsnuten i Rjuven på grensa til Sirdal som med sine 1434 meter er høgast. Men eg har skrive om Sæbyggjenuten, som er høgaste fjellet i Aust-Agder og ligg i Bykle på grensa til Tokke. Det er oppgitt til 1507 meter i Store Norske Leksikon, men den lista som fortel at Urdalsnuten er høgast i Valle, seier at Brandsnuten er høgast i Bykle kommune med 1496 meter. Så eg veit ikkje heilt kva eg skal tru om dette.

Takk til Bjørgulv som spurte meg med i studio for å lufte tankar om Setesdalswiki.

Program for veke 7

Share

Tysdag 15. februar

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Sangkveld
19:30 Sørlandets Litteraturpris. Har du hørt…
20:00 Møteplassen
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Jehan Alain 100 år
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 16. februar

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Anna Stella Karlsdottir og Kåre Rike som hjelpeteknikar
Telefonvakt fra 20.30: Gudrun Nomeland

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved Liv Gyro Brokke Homme frå Setesdal barnevern
20.00 Musikkprogram ved Katrine og Selma frå Valle vidaregåande skule
20.30 Bjørgulfs halvtime med gjester
21.00 Opi sending ved Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme

Ring inn rebusar: tlf 379 37 577
Helsingar: post@valleradio.com
http://valleradio.blogs.no Les på bloggen
[http://valleradio.com Høyr Valle Radio her
[http://www.facebook.com/?ref=home#!/pages/Valle-Radio Fylg oss på Facebook

Nordnorsk sangkveld

Share

I morgon tysdag vil eg ha ein nordnorsk sangkveld. Eg kom over noko om Arvid Hanssen, og kom til å tenkje på at hans songar kunne vere fine å spele i Valle Radio. Difor leita eg litt på Spotify og sanneleg, der fann eg ei innspeling av Tove Karoline Knutsen. Albumet heiter Blå kveill og kom ut i 2006. Der er det mange viser av Arvid Hanssen. I tillegg fann eg nokre andre artistar som også har sunge inn viser av denne fine nord-norske diktaren. Nokre av dei er godt kjende, andre ikkje så velkjende enno. Eg kjem ikkje til å spele alle dei eg fann, men her er ei liste over dei innspelingane eg fann.

BANKFESKAR BLUES
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

BARSK BÅNSUILL I MIDNATTSOL
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

BLÅ KVEILL
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

DET FAINNS EI GLEA
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

FESKAREN OG VÅRHERRE
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

GODT AT GRÅMÅSEN SONG
Hovedartist: ANDREAS FRIIS JØRGENSEN
Musikk: Per H Indrehus
Tekst: Arvid Hanssen

HO LOTTA ARBEIDSKRAUM
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

HO VANNA I VÅGEN
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

I NONVASSLIA
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

KJERKSØNDAG
Hovedartist: DAG KAJANDER
Musikk: Dag Kajander
Tekst: Arvid Hanssen

KOM SOMMARVIJNN
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

MED JUKSA
Hovedartist: DAG KAJANDER
Musikk: Dag Kajander
Tekst: Arvid Hanssen

MIJNNEGUDSTJENEST
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

MJUK VIJNN
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

MØRTNA
Hovedartist: DAG KAJANDER
Musikk: Dag Kajander
Tekst: Arvid Hanssen

MÅNNSKJENNS-VAKT
Hovedartist: DAG KAJANDER
Musikk: Dag Kajander
Tekst: Arvid Hanssen

NÅR HAN HÆNREK ROR SIJNNE AV SÆ
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

PEDER GARNMANN
Hovedartist: DAG KAJANDER
Musikk: Dag Kajander
Tekst: Arvid Hanssen

PERLER OG ORD
Hovedartist: KARI, OLA & LARS BREMNES
Musikk: Lars Bremnes
Tekst: Arvid Hanssen

PÅ SJYEN
Hovedartist: DAG KAJANDER
Musikk: Dag Kajander
Tekst: Arvid Hanssen

RÆGN
Hovedartist: ANDREAS FRIIS JØRGENSEN
Musikk: Per H Indrehus
Tekst: Arvid Hanssen

SOMMARLØKKA
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

SOMMARLÅT
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

VEINTE PÅ EN BÅT
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

VESTAVIJNN
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen

ÅLEINA
Hovedartist: TOVE KAROLINE KNUTSEN
Musikk: Arvid Hanssen
Tekst: Arvid Hanssen