Aktuelt ein fredagskveld 2

Share

I går avslutta eg med å fortelje om praten eg hadde med Tarald Myrum om aksjonen Ja til eitt Agder, som han vart vald til styremedlem i frå Setesdal. Sjølv var han ikkje på møtet i Arendal då aksjonen vart starta onsdagskvelden, det vart noko krøll med innkallinga, for dei som kalla inn hadde ikkje brukt rett epostadresse til han. Men i Valle Radio var han klår på at sjølv om dei fleste i Setesdal, han sa at ei undersøking synte opp mot 70 prosent, var for eitt Agder, så var det viktig at folk melde seg inn i organisasjonen. Jo fleire medlemmer, jo større trykk, meinte han, og fortalde at dei ville satse på å lage materiell som synte fordelene med å slå saman fylka. Til dette trong organisasjonen pengar, og sjølv om fylket vil bevilge pengar til begge aksjonane, treng ein og medlemspengar.

Deretter fortalde han om Sesilåmi 2011, som alt har over 2000 påmelde. I år vert det sett strek ved 2500, så etternølarar må raske på no. Påska er sein i år, så rennet skal vere 4. april, men han var ikkje redd for snømangel og vona at veret vart slik at rennet kunne gjennomførast og ikkje avlysast som i 2010. Klimaet så langt vest er meir ustabilt enn lenger aust, der dei store renna vert arrangerte, men no har Sesilåmi endra mykje for komande år og organisert opplegget som i dei andre store renna. Det vert ei seeda gruppe basert på tid ein har frå tidlegare renn, eventuelt frå nasjonale og internasjonale konkuransar. Dei får starte først, og så vert det fellesstart for dei useeda klokka 8:30. Sjølv trudde han at han kom til å måtte starte sist og sjå til at folk kom seg over, men han var ikkje sikker, men måtte han det, vart det ikkje noko rekordløp i år. Men han hadde meldt seg på for å gå.

Den siste eg hadde på tråden i Aktuell time var Bjørn Harald Hagen, som er leiar av Demensteamet i Setesdal. Teamet er oppretta under Setesdal Regionråd og har ein medlem frå kvar kommune, kommunelege 2 i Valle, Hallvard Mosdøl, er teamet sin medisinsk faglege og sjølv koordinerer han arbeidet i dette toårige prosjektet. No skal dei starte pårørandeskole, påmeldingsfristen er 10. februar og første kursdagen er 16. februar. Skolelokale er Frivilligssentralen i Bygland og det er lagt opp til seks kurskveldar uover våren. Meir informasjon finn ein her: http://www.setesdal.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=1204&Category.ID=592

Med dette avslutta eg den aktuelle timen og overlet mikrofonen til Bjørgulv T. Berg, som hadde Tankar frå Biblen denne kvelden.