Meir om Reinshornheii

Share

Onsdag 27. januar skreiv eg om Reinshornheii, høgaste fjellet i Bygland. Det er ikkje alltid så lett å vite kven som les bloggen min, men i dag møtte eg ein lesar og den historia har eg lyst å fortelje i kveld.

I bloggen den gongen fortalde eg at det var eit bilete i Setesdølen frå i sommar som hadde fått meg til å skrive om Reinshornheii på Setesdalswiki. Fotografen var Reidar Tveito. Eg visste ikkje meir om han då, men i dag fekk eg eit brev frå han, det var noko stort og innhaldet synte seg å vere ei bok han har laga, Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra, ei gjennomillustrert biletbok på 52 sider i A4-format med flotte fargebilete frå turar til 8 toppar i Bygland kommune. Eg las til auga vart stort, imponert.

Etter å ha lese leita eg fram telefonnummeret hans og ringte for å takke for den uventa gåva. I løpet av samtalen inviterte eg han til møtet om Setesdalswiki som skulle vere på Bygland i kveld, og ettersom han ikkje hadde noko anna på timeplanen, kom han og var med på møtet. Då fortalde han at han hadde søkt på eige namn på internett og då funne at han var nemnd på bloggen min. Der var det og lenke til artikkelen om Reinshornheii på Setesdalswiki, så han fann det eg hadde skrive der. Difor vart han nysgjerrig og ville gjerne vite meir,

Før telefonsamtalen med han hadde eg lagt inn eit nytt avsnitt i artikkelen om Reinshornheii. Eg kalla det litteratur og la inn boka med ISBN-nummer. I kveld, då vi trykte på lenka, synte det seg at boka var så ny at nummeret ikkje var registrert i nasjonalbiblioteket enno. Det kjem visst noko i Setesdølen om boka i morgon.

Eg laga og lenke på boktittelen, og i telefonen fortalde eg at eg ville skrive om boka og leggje ut innhaldslista, slik at folk kunne sjå kva for fjell og nutar det var tale om. Den artikkelen laga eg så ettar at vi hadde snakka saman. På møtet på Bygland i kveld synte eg så korleis ein kunnne lage lenker til desse fjella og i neste runde skrive artiklar om dei. Dei artiklane vil vel kome etter kvart.

http://www.setesdalswiki.no/wiki/Dei_h%C3%B8gaste_fjell_og_nutar_langs_b%C3%A5e_sider_av_Otra