Valleburger

Share

I onsdagens radiosending snakka Ketil Homme og Silje Brottveit, som har teke over som drivarar av Esso-stasjonen i Valle om at dei ville prøve å få til noko kortreist mat, til dømes Valleburger. Den skulle vere basert på kjøt frå dyra til Valle Naturkjøt, etter det eg forstod. No er det ikkje så ofte at eg kjøper mat på Esso i Valle, men eg prøvde både komper og annan snaddermat der medan Erna og Will dreiv. Maten var god den, pommes frites smakar og godt av og til.

Om det skulle lukkast å få til Valleburger og den går over alt det andre gode av hurtigmat ein kan få seg, både i smak og pris, så hadde det vore ei glede om det vart parkeringskaos i sentrum av folk som skulle innom Valle Bensin og få seg Valleburger. No trur eg nok ikkje at det skjer, ikkje eingong på fredagskveldane og sundagskveldane. Men det er fint at ein tenkjer på kva ein kan gjere for å få folk til å stoppe. Eg eg er glad at dei som no starta opp, hadde mot på det. Det vil nok bli lange dagar for å halde drifta i gang.

Eg høyrde ein som kommenterte at kommunane ville få utflytta setesdølar til å flytte tilbake. -Det ser ut til at ein helst vil ha grundarar her, for ledige jobbar i det lokale næringslivet er ikkje lett å oppdrive. Den som snakka, tenkte på næringslivet i heile Setesdal då kommentaren kom. Den som har prøvd å få jobb i Setesdal dei siste åra, har sjeldan funne ein annonse om ledig stilling i Setesdølen. Ein og annan stilling i det offentlege vert lyst ut, men sjøl dei går gjerne til folk som alt har ein fot innanfor. Unntaket er jobbar som krev ei fagutdanning. Men også der er det ulike erfaringar, ein har måtta rekruttere folk til arbeid i helsesektoren frå Baltikum ikkje bare i Valle. Og innan turistbransjen er det gjestearbeidarar frå heile Norden. Men ein dansk eller svensk person i turistbransjen kan vanskeleg profilere lokal matkultur. Der har Silje og Kjetil betre føresetnader enn dei fleste.

Lukke til!