Aktuelt ein fredagskveld

Share

Det er eit puslespel å setje saman ein fredagskveld. Ein leitar i avisa og på nettsider og snakkar med folk og etter kvart kjem det eit bilete av korleis ein kan leggje opp kvelden. Så må ein ringe og gjere avtalar og då er det ikkje alltid det høver for den ein har tenkt å ha med seg. Andre gonger må den som vert spurd, tenkje seg om, kanskje rådføre seg med andre, og så skal vedkomande ringe tilbake. Om det då dreg ut med å få tilbakemelding, kan heile planlegginga stoppe opp, for den tida som ein har disponert, kan ikkje brukast av andre. Og når det tek tid, vert ein uroleg og lurer på om ein finn noko anna om det ikkje legg seg til rette for den ein har tala med.

Nokre gonger har ein og problem med å få tak i den ein vil snakke med. Før kveldens sending lurte eg på å få med meg Trond Mikkelsen i Setesdalfolk, dei hadde kurs for kurshaldarar sist helg og han hadde sikkert hatt noko å fortelje. Men det nummeret som står på kontaktsida, har ikkje svart dei to-tre gongene eg har prøvd, og dermed vart det ikkje noko av det i det heile. Eg prøvde og å få tak i folk frå Setesdal folkehøgskule, dei har no starta opptak til neste år, men Marit J. Brokke måtte tenkje på det, og sidan fekk eg ein sms om at det ikkje passa.

Då eg tok ein telefon til Jan Wojtaszek frå Brokke Alpinsenter, var det JA med ein gong. Eg ville vite noko om overnattingskapasiteten dei har bygd opp i Brokke. Han lova å kome i studio til klokka seks i kveld, men då klokka var seks, var det ingen Jan å sjå. Eg måtte spele litt musikk i starten og prøve å finne han på telefonen, men Kåre Rike, som var teknikar i kveld, fekk ikkje kontakt. Dermed måtte eg over på reserveløysinga, eg hadde plan om eit politisk innslag med Nina Skiftenes frå Bykle Frp, men ho hadde heller ikkje svart då eg ringte for å avtale det, så det enda med at eg las opp lista dei har sett opp. Så kunne eg ta inn Anne Mo Grimdalen frå Grimstad, som skal kome saman med Jan Kløvstad frå Arendal til Valle sundag ettermiddag og ha eit møte med sikte på å få setje opp ei Venstre-liste i Valle. Ho fortalde litt om sitt engasjement som venstrepolitikar, både i kommunestyre og fylkesting. Miljøengasjement og fridom var stikkord i det ho sa, ho var så engasjerande at ein kunne få lyst å kome på møtet i kommunestyresalen sundagskvelden.

Deretter var det tid for ein prat med Tarald Myrum om Ja til eitt Agder. Han er blitt Setesdal sin styremedlem i den organiasjonen. I Setesdal vil dei fleste gå for eitt fylke, så han trudde ikkje jobben vart så stor her, men det er viktig at aksjonen får medlemmer, 200 kroner er medlemspengane. Meir fylgjer seinare

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *