Aktuelt ein fredagskveld 3

Share

Bjørn Ropstad er styreleiar i Setesdal Regionråd, og Signe Signe Sollien Haugå hadde fått han til å vere regionrådet sin talsmann denne fredagskvelden. Dermed vart det meir snakk om den politiske sida enn om dei aktuelle prosjekta. Og dei fire kommunane legg no 1,5 mill kvar i potten til regionrådet, då det vart starta opp, la Bykle årleg 8 mill inn. I tillegg kjem pengar frå stat og fylke, så regionrådet har ein trygg økonomi og høve til å støtte prosjekt som kan få næringslivet i Setesdal til å bløme.

Eg spurde om han såg ei framtid for regionrådet, og han sa at det var etablert som eit varig organ, det er ikkje tale om å leggje ned Setesdal Regionråd. Iveland var med før, men dei vende seg mot kysten og etter ei oppseiingstid på to år, gjekk dei ut av regionrådet. No vil både Iveland og Evje og Hornnes kommune over til Vest-Agder og legg opp til folkeavstemming i samband med valet til hausten. Bjørn Ropstad meinte det ikkje ville bli noko problem å vere med i Setesdal Regionråd om kommunen hans gjekk over til nabofylket og dei andre vart verande i Aust-Agder, sjølv om han vona at alle vart med over til vest om det vart nei-fleirtal i avstemminga som fylket skal halde.

I løpet av samtalen snudde rollane seg, for ordføraren i Evje og Hornnes kommune, som no er styreleiar i Setesdal Regionråd, ville vite meir om Setesdalswiki. Han hugsa at eg hadde fortalt om dette prosjektet på Setesdalskonferansen 2010 på Sølvgarden og ville gjerne at eg fortalde meir om dette.

Eg kunne då fortelje at Setesdal Regionråd hadde arrangert eit møte på Sølvgarden for å drøfte korleis ein skulle kome vidare i arbeidet med dette regionale leksikonet. Der hadde ein kome til at det burde haldast informasjonsmøte i alle kommunane. Så eg fortalde at det alt har vore møte i Valle kommune, komande torsdag klokka 18 skal det vere møte i kommunestyresalen i Bygland og at eg også vil ha slike møte i Evje og Hornnes kommune og i Bykle kommune.

Setesdalswiki er det einaste regionale leksikonet som alle kan skrive i. Det finst regionale leksikon for Sogn og Fjordane fylke og for Nordland fylke, men dei er det bare tilsette i NRK som kan skrive i, det er NRK som driv dei. Setesdalswiki fungerer på same måte som Wikipedia, men har rom for informasjon som er regional og kommunal og som ikkje vil kunne få plass i eit nasjonalt leksikon som Wikipedia. Så eg utfordra han til å prøve.

Vi var også innom Riksveg 9, som har vore noko av det sterkaste satsingsområdet til Setesdal Regionråd. Bjørn Ropstad viste der til artikkelen som stod i Fædrelandsvennen torsdag, der det og var lista opp parsellar som endå ikkje hadde fått gul midtstripe. Lokal finansiering på 100 millionar kroner burde gjere det greitt å kome vidare med dette, ikkje mange stader ein får så stor lokal medverknad. MÅlet er gul midtstripe frå Kristiansand til Hovden innan 2020.

I desse halvtimane med offentleg informasjon prøver vi å ha litt musikk, men det vart det ikkje tid til i samtalen med Bjørn Ropstad. Plutseleg var klokka 20.00 og neste programpost skulle på lufta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *