Bykle-kveld

Share

Som eg skreiv om i går, ville Bykle kommunestyre ha møte i kveld. Eg trur at grunnen var at ordførar Kay skulle til Oslo og sjale seg hos Fabian Stang i samband med VM. Vi las i Setesdølen i dag at Fabian hadde invitert alle 430 ordførarane i landet til å kome på bankett i høve storhendinga, og at alle ordførarane i Setesdal skulle dit. Dermed flytta byklarane heller kommunestyremøtet.

Eg var ikkje usamd med dei i at å overføre kommunestyremøtet var viktigare enn mi tysdagssending. Men tipsa gjekk på at eg kunne rekne med å kome i gang ein time seinare enn oppsett plan, slik eg hadde kunnegjort den i Setesdølen. Men det skulle gå heilt annleis. Eg hadde invitert Anny Marie Brokke til å ha sangkveld i kveld, og ho kom ved sekstida, eg hadde prøvd å få sankke med henne og fortelje at det vart endringar, men ikkje nådd henne på huselefonen, og mobiltelefonen sjekka eg ikkje. Så var ho då her, til og med hadde med seg kake. Det høvde jo fint at vi kunne dele den medan vi venta,

Men klokka halv åtte sa ho at dei som ville høyre på tysdagssendinga har nok gitt opp no. Eg kunne ikkje gje henne urett i det, så ho gjekk heim, medan eg sat no og venta og vona. Men byklarane var både taleføre og taletrengte denne kvelden, så dei var ikkje ferdige før klokka 20.50. Då lukka dei møtet, og radioen kunne overlatast til meg. Men eg gjorde ikkje meir med det, normalt sluttar eg klokka 21.10, så det programmet eg hadde planlagt, får vi nytte ein annan kveld.

Men i løpet av kvelden avklara det seg at det er mogleg å ha sending i morgon etter kommunestyremøtet i Valle. Etter det eg har høyrt, er det varaordførar Pål Dale som skal leie det møtet. Dei kjem nok ikkje til å halde på så lenge som kommunestyret i Bykle, så eg trur at ved halv åttetida vil det vere råd å få til sending. Den blir nok litt annleis enn ei vanleg onsdagssending, men her er eit forsøk på ein plan:

1. Om krypsivfjerninga. Ørnulf prater med Tom Arild Homme
2. Andakten Over en åpen Bibel
3. Rebusar og musikk.

Ørnulf Hasla vert teknikar, Gudrun Nomeland, som sjølv må på kommunestyremøtet, har sagt ja til å vere telefonvakt, og sjølv skal eg prøve å få folk i tale. Kan hende vert det ei overrasking eller to også.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *