Eit forsøk

Share

Som eg fortalde tidlegare var det eit ønske om å ha rebusar og opi sending i kveld i høve at folk er på hytter i samband med vinterferien på Austlandet. Dermed tenkte eg at eg kunne prøve å få til noko, og Ørnulf stilte opp som teknikar. Telefonvakter fekk vi og, Gudrun Nomeland var på kommunestyremøte, men kom ned etterpå, Jorunn Lund Harstad lagar alltid kaffe etter kommunestyremøta, men då ho var ferdig, kom ho også ned for å hjelpe til om det vart en storm av telefonar.

Det vart det ikkje.

Eg laga rebusar ut frå aktuelle tilhøve, men dei seks rebusane hadde bare eit fåtal innringarar. Vi valde å gje premiar til alle:

Tor Haugum, Valle Radio-krus
Anne Nordli, Byglandsfjord knivblokk
Sunniva Vindal Franzen, duk, gåve frå Gyro K. Homme
Anne Lise Harstad, T-skjorte med Valle Radio-logo
Tor Haugum, lysestakar

Eg trur nok det vart med det forsøket. Kvelden var ikkje annonsert i avisa, og sjølv om vi kunngjorde sendinga på Facebook-sida til Valle Radio, var det få som fekk det med seg.

Før den opne sendinga, sende eg andakt frå serien Over ein open Bibel. Deretter var det ein prat med Tom Arild Homme – først eit opptak som Ørnulf gjorde på sundag, så ein telefon der han fortalde levande og interessant om jobben med å fjerne krypsiv med naturmetoden, ved å la elva fryse til, og deretter sleppe vatn på isen, slik at han kunne rive med seg krypsivet. Vi fekk høyre om mudderet som kom saman med isen, det kan føre til problem for bleka sine gytegroper, dei kan finnast heilt til Granheim, og vi fekk høyre om arbeidet dei planlegg for å fjerne krypsivet lenger nede i elva.

-Det kan verte sein vår på Langeid i år, siterte Tom Arild ein grunneigar som opplevde å få flaum inn på jorda si då isen skrudde seg opp i elva. Men dei sette på meir vatn, og då løyste det seg opp. Tom Arild Homme berømma dei mange som på ulike måter løyste problem i samband med dette prosjektet. Og Ørnulf siterte seg sjølv frå Facebook: Eg ofrar internett og TV ein dag for å få ei rein å.

Og så hadde eg Pål Dale på besøk i studio for å presentere KrF-lista til valet i 2011. Den kan du lese på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/KrF-lista_i_Valle_2011

Litt av kvart denne onsdagskvelden etter at kommunestyremøtet var ferdig.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *