Fire Essar

Share

Tysdagskvelden hadde Niklos K. Besteland funne fram fire essar som rød tråd i Postludium.
Alle levde i tysk renessanse, det vil seie på 1600-talet, så det var før Bach, som jo er den store kyrkjemusikaren. Renessansen gjekk til 1650, Bach var fødd i 1685.

Rekkefølge på komponistane er gjerne slik at Niklos spelar kronologisk etter fødselsår. Dei tre første var fødde med eit års mellomrom.

Heinrich Schütz, 1585-1672, var den som var fødd først og som døydde sist. Verket Die mit Tränen säen henta teksten frå Salme 126 i Biblen. Her var komposisjonen for 5-stemmig kor og det var Alsfelder Vokalensemble og Himlische Cantorey som framførde det med domkantor Wolfgang Helbich frå Bremen som dirigent.

Johann Hermann Schein, 1586-1630, var neste i rekka. Verket hans, Christ lag in Todesbanden var og eit korverk, framført av Evangelische Singgemeninde Siegen dirigert av ulrich Stötzel

Så kom Samuel Scheidt, 1587-1654, med verket koralvariasjonar over Veni Creator Spiritus. Her var det organisten Paul Hauser som spelte på Klais-orgelet i Worms domkyrkje.

Til slutt kom Heinrich Scheidemann, 1595-1663, sitt verk Preambulum i C spelt av Pieter van Dijk på orgelet i Sct. Laurenskyrkja i Alkmaar i Nederland.

Det siste orgelet var eit historisk orgel frå 1645. Nederland har mange slike historiske orgel. Orgelet i Worms er bygd av Klais Orgelbau i Bonn i 1985. Dette tyske firmaet skal byggje det nye orgelet i Kristiansand domkyrkje, det blir det fyrste orgelet frå dette firmaet i Norge. Niklos nytta høvet til å fortelje det i programmet, og eg kunne ikkje dy meg, men meinte det ville verte ein fin 60-årspresang, det skal vigslast rundt den tida Niklos fyller 60. Han var ikkje uenig med meg i det og gledde seg til å få høyre det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *