Frå programleiar til intervjuobjekt

Share

Som oftast er eg programleiar i Valle Radio, men i kveld var eg intervjuobjekt. Bjørgulv T. Berg hadde lese i Setesdølen at eg skulle ha informasjonsmøte om Setesdalswiki i kommunestyresalen på Evje i morgon og meinte at det var på tide at eg snakka om det i den aktuelle timen.

Eg likar godt å snakke om Setesdalswiki, så det var ikkje noko problem, eg fekk om lag like lenge som då eg hadde informasjon om Setesdalswiki for lærarane på Valle skule, det vil seie ein halvtime. Eg fortalde om korleis Setesdalswiki kom i stand, og då han spurde om det var min ide, måtte eg innrømme at det var min ide, men at utgangspunktet var at vi skulle få til ei nettside som kunne binde saman bedrifter i heile Setesdal. I tillegg kunne ein leggje inn informasjon om natur og politikarar og kultur og mykje anna interessant. Setesdalswiki er ikkje ein konkurrent til bedriftene sine eigne nettsider, eg vil heller kalle det eit supplement. Medan bedrifter ofte har eit reklamepreg, skal artiklar på Setesdalswiki vere reklamefrie. Det betyr at teksten må vere objektiv. Tanken er og at den skal kunne stå ei stund, ofte vert heimesidetekst bytta ut nokså fort.

Setesdalswiki er den første regionale wiki der alle kan skrive i Norge. Det finst eit par andre regionale wikiprosjekt, men ein må vere tilsett i NRK for å kunne skrive på Sogn og Fjordane fylkesleksikon og på Nordland fylkesleksikon, så det er ikkje ope for kven som helst.

Eg har no vore med informasjonsmøte på Setesdalsmuseet, det var for Valle kommune, og i kommunestyresalen i Bygland, det var for Bygland kommune. No står Evje og Hornnes kommune for tur, og til slutt må eg ha eit tilsvarande møte i Bykle. Tanken er at dette dugnadsprosjektet skal fungere som lim i Setesdalsregionen, slik at ein med tida lærer kvarandre betre å kjenne. Til no er det eit besøkstal på vel seksti kvar dag, og om lag 850 artiklar.

I løpet av samtalen spurde eg Bjørgulv om han visste kva det høgaste fjellet i Valle heitte, og han lurte på om det var Svarvarnuten. Eg avleidde saka då han returnerte spørsmålet og fortalde i staden om det høgaste fjellet i Bygland kommune og om korleis eg kom til å skrive om det på Setesdalswiki. Det var basert på eit bilete av ein molteblom Reidar Tveito hadde teke på toppen av fjellet i sommar, og så sett biletet inn i Setesdølen saman med informasjon om Reinnshornheii. På Setesdalswiki er det kart som syner kor fjellet ligg. Grunnen til at eg avleidde han, var at eg vart usikker, og eg har ikkje skrive om det høgaste fjellet i Valle. I følge ei liste over dei høgaste fjella i kvar kommune i Norge er det Urdalsnuten i Rjuven på grensa til Sirdal som med sine 1434 meter er høgast. Men eg har skrive om Sæbyggjenuten, som er høgaste fjellet i Aust-Agder og ligg i Bykle på grensa til Tokke. Det er oppgitt til 1507 meter i Store Norske Leksikon, men den lista som fortel at Urdalsnuten er høgast i Valle, seier at Brandsnuten er høgast i Bykle kommune med 1496 meter. Så eg veit ikkje heilt kva eg skal tru om dette.

Takk til Bjørgulv som spurte meg med i studio for å lufte tankar om Setesdalswiki.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *