Funderingar

Share

Eg fekk eit spørsmål om det var rebusar i Valle Radio denne veka. Eg sa at det var det ikkje, det skulle vere kommunestyremøte onsdagskvelden. Det var ei telemarksdame som hadde vinterferie og var på hytta denne veka, og ho meinte det var fleire på hyttene no, så eg sa at eg skulle sjå om vi kunne få til noko.

Dermed gjekk eg frå Joker til Hasla og fortalde dette og lurte på om det var ok at eg prøvde. -Sjølvsagt kan du det, sa Ørnulf.

Men på tilbaketuren begynte eg å få litt kalde føter, for til ei slik sending treng ein telefonvakter og teknikar, i tillegg til den som lagar programmet. Det er ikkje sikkert det er så lett å få alle desse på plass ein onsdagskveld etter kommunestyremøtet.

Vel tilbake på skulen fekk eg ein telefon frå Ørnulf om at det skulle vere kommunestyremøte i Bykle i morgon frå 18. Dei trudde det ville bli kort, og så kunne eg ha mi tysdagssending. Eg hadde jo alt sendt programmet til avisa, det som står der i morgon er altså dugeleg feil. Om det var bare meg som var involvert, så var det jo greitt nok, men eg må ringe Anny Brokke som skulle ha sangtime frå 18.30 til 19.30 og endre den. Uff, det er ofte slik at eg tenkje, ja, det skal gå greitt, men når eg skal organisere det, vert det litt på slump.

Jaja, eg fekk ikkje gjort meir med det i dag, for eg grov meg ned i gamle nummer av Setesdølen. Eg har ambisjonar om å få på plass heile 2010-årgangen, alle overskriftene der og no ser eg enden på det. Eg får ringje i morgon og snakke med Anny og sjå kva eg gjer.

Og når eg har funne ut det, må eg sende melding til Britta Lise, slik at ho kan leggje det ut på facebook.

Dette vart jo ein heil bloggpost, eg trur eg legg det ut på bloggen, så kan lesarane sjå vurderingar og tankar før ei sending. Britta Lise kan jo lenke frå Facebook til bloggen min, så kan folk lese seg gjennom denne suppa her. Dei vert vel heller ikkje klokare, men det får no våge seg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *