Gullvinnar

Share

Fredagskvelden 4. februar kom Katrine Johnsen og Lex de Jong i studio for å snakke med Valle vidaregåande skule sin ferske Norgesmeister Lise Engdal, som 3. februar, altså torsdagskvelden, hadde vunne NM i gullsmedarbeid. Konkurransen vart arrangert i Fredrikstad, der dei og har ei linje for gullsmedutdanning. Lise kom ikkje tilbake til Valle før sundagskvelden, og i dag har ho vorte feira med kake og festivitas. Men fredagskvelden hadde dei henne på telefonen.

Ho kunne ikkje heilt tru at det var sant, for ho var ikkje nøgd med arbeidet sitt. Dei hadde fått utlevert arbeidsteikningar og skulle lage øyrepynt på 21 timar, trur eg det var. Så det var ikkje opp til eigen kreativitet, her skulle dei testast på korleis dei kunne arbeide etter arbeidsteikning. Då dommen kom, vart Lise svært forundra, for ho hadde inga oppleving av at det kunne vere ho som skulle vinne. Men ho hadde heller ikkje noko særleg kontakt med dei andre, dei gjekk på PLUS-skulen og ho kjende dei ikkje.

Takk til Ørnulf, som fortalde meg at Lise hadde vunne og at vi burde prøve å få henne med i Valle Radio. Takk til Katrine, som ville kome og ha program denne fredagskvelden og til Lex som kom saman med henne og hjelpte med gode spørsmål i samtalen. Her er lenke til artikkelen om Lise Engdal på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Lise_Engdal

Dei snakka og om veka på skulen då dei hadde prosjekt og skulle lage smykke til ein afghanistansoldatbunad eller noko liknande. Her kan du sjå bilete av korleis den såg ut:
http://www.austagderfk.no/Vare-virksomheter/Videregaende-skoler/Setesdal-vidaregaande-skule/Valle/Nyheter-fra-Valle/Resultat-av-designuka/ I venstre margen på den artikkelen er det lenker til kvar dag i den designuka, så du kan sjå mykje av arbeidet elevane gjorde. Line Mastad, som laga bunaden, er ho som og laga Setesdalsburka for nokre år sidan. Line Mastad held på med mastergrad ved Høgskolen i Telemark, og temaet ho arbeider med er Strikking i samtidskunsten. Så no kjem elevane med i masteroppgåva hennar.

Som du skjøner, det var ein innhaldsrik fredagskveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *