Og heller ikkje noko laurdagskvelden

Share

Tek Setesdalswiki all tida til skriving, så det ikkje vert noko blogging? Kanskje tenkte nokon slik då det heller ikkje laurdagskvelden kom nokon blogg i epostkassen. Det er om lag 20 som abonnerer på bloggen min og som får tilsendt melding når eg har skrive noko.

Men av og til stoppar det opp av ulike grunnar, og i går vart eg oppteken og gløymde heile skrivinga. Det er ikkje noko katastrofe for inntektene mine, eg høyrer om folk som tener store pengar på blogginga si, men dei må vel helst vere unge og fotogene. Min blogg er ord, bare eit profilbilete av meg sjølv og eit av Margunn, som venn. Slikt er nok ikkje til å verte rik av. Emnet eg skriv om er vel heller ikkje det mest sentrale i norsk debatt, for å seie det slik. Valle Radio er triveleg for dei som høyrer på eit par kveldar i veka, men programma våre set ikkje dagsorden for den store debatten i samfunnet.

Onsdag hadde Bjørgulv med Terje Breivold i Anticimex som gjest i halvtimen sin. Det var i grunnen eg som tipsa han om det, eg sat på Valle Bensin og fekk meg ein hamburger ein dag og høyrde han snakke med Silje om alt ein må passe på når ein sel mat til folk. Det var interessant å høyre på korleis firmaet hans, som nok er mest kjent for å utrydde skadedyr, også hjelper næringsdrivande med å oppfylle krav som Mattilsynet stiller. Det er visst slutt med at dei kjem rundt og kontrollerer særleg mykje, no skal du kontrollere sjølv, og så kjem dei og sjekkar protokollane som syner at du kontrollerer. Slike protokollar hjelper Terje Breivold folk med å fikse, han er tidlegare kjøkkensjef på Haraldvigen leirskule, der mange valldølar og hylstringar har vore og opplevd sjølivets gleder.

Men det er ikkje bare det anticimex hjelper med. Dei kontrollerer og om det er kome dyr som et ledningane i alle kraftstasjonane i Otravassdraget. Det er jo godt at det ikkje kjem noko som skapar kortslutning i ein kraftstasjon ller problem med datastyringa av produksjonen. Så Terje har nok å halde på med.

Denne onsdagen skulle eg hjelpe med eit opptak, slik at han slapp å kome i studio klokka 20.30. Men det skar seg, det var første gongen eg prøvde på eit slikt opptak, og då halvtimen var gått, var det blank disk. Terje var då på veg heim til hytta han har på Bjørnevatn, på vegen møtte han VIKING som var på tur ned frå Bjørnevatn med løypemaskina som vert nytta der, og som trong reparasjon. Det var ein brei transport og det gjekk ikkje likare enn at då han skulle starte att midt i bakken, var han komen utanfor vegen, så han måtte sjølv ha hjelp. Han fortalde om det på telefonen i samtale med Bjørgulv onsdagskvelden, det hadde teke litt tid før han fekk bilen på vegen att, denne kvelden var vegen over fjellet eigentleg stengd på grunn av uver.

Det ordna seg til slutt, men sanneleg kan det skje mykje ein ikkje høyrer om når det er ein gjest i studio i Valle Radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *