Snufsande vinterferie

Share

Eg snufsar med Marit Bjørgen og Petter Northug jr denne vinterferien. Men mi snufsing er ikkje så edel som deira, edelt metall rundt halsen har eg ikkje, bare ein snufseklut. Der dei har titusenvis som ser snufsinga deira, kanskje til og med snufsar med dei i glede over medaljane, gøymer eg meg bak datamaskina og snufsar i veg. Fishermans Friend og Noskapin er kvar på sin måte gode i snufsinga mi, slimløysande brusetablettar på resept i tillegg burde vel etter kvart gjere ende på basiller og anna snufsefremjande smått.

Eg har altså ikkje vore det beste selskapet desse siste februardagane, det kom kasta over meg etter at eg i vinter hadde gått på jobb kvar dag medan elevar både i min klasse og andre klassar tok seg nokre snufsedagar heime. Eg hadde helst trudd at det skulle gå forbi meg, men til slutt landa dei i meg og. Ikkje slik at eg har halde senga, men det har vore nære på.

Å ha ein snufsande morfar er ikkje så triveleg som å ha ein morfar utan snufs, så barnebarn som var heime heldt eg meg på avstand frå. Dei hadde vinterferien sist veke, så det var ikkje så mange dagar vi fekk saman, og det var kanskje like godt. Eg vonar at dei ikkje fekk ein ny runde, dei hadde visst hatt sin tørn austanfor og.

Så vert det til at eg sit framom ein skjerm eller to. Anten tastar eg på artiklar til Setesdalswiki, no er snart alle avisoverskriftene frå Setesdølen 2010 i boks, eller så gløttar ein på TV-skjermen og tenkjer at dei er ganske fæle til å konkurrere. Og så vert det ein liten blund, eit par gonger har eg til og med mista sigeren i ein snufsande høneblund.

Jaja. Vonleg går det over utan å verte lungebetennelse.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *