Sorry, ingen blogg i går

Share

I går vart det ingen blogging. Eg kom heim til Mandal klokka 23 etter å ha vore på informasjonsmøte om Setesdalswiki i kommunestyresalen i Evje og Hornnes kommune. Det kom bare tre personar, så vi var i eit mindre rom, så det vart ikkje slik som var annonsert i Setesdølen at vi skulle vere i kommunestyresalen. Men det vart eit godt møte, som dei gjerne seier. Dei som kom var interesserte, og det hadde vore nokre til som var interesserte, men der det kom noko i vegen, så vi får vone at det vert nokre artiklar etter kvart.

Eg fortalde om Setesdalswiki slik dette nettleksikonet for Setesdal no ser ut, med om lag 850 artiklar om folk og firma, natur og politikk, Setesdølen og Valle Radio. Klokka var over 21 før vi avslutta, og då var det ein kjapp tur innom YX for ein kopp kaffe før turen gjekk til Mandal. Eg sette på Kveldsnytt på TV, kona sa god natt, ho skulle på jobb i dag, og der sovna eg i stolen og bloggen segla sin eigen sjø den kvelden.

I løpet av kvelden fekk eg artikkel om kulturprisvinnarar i Evje og Hornnes kommune og om Blomsterstiftelsen i Evje og Hornnes kommune. I dag kom så Setesdølen med informasjon om nominasjonen i Evje og Hornnes AP og no er den lista på plass på Setesdalswiki. I kveld sende eg ein mail til Line Vennesland og spurde om ho kunne få på plass artiklar om dei nominerte, og snart etter kom artikkel om henne, henta frå Wikipedia. Då eg takka henne, kom det eit raust svar om at ho ville prøve å få på plass artiklar om dei andre frametter våren slik at det kunne vere artiklar om alle ettersom valkampen gjekk framover.

Eg vonar at det etter kvart kan bli noko meir fart i dugnaden for Setesdal. Eg gleder meg over kvart bidrag som kjem frå interesserte folk. Margunn lurte på om vi kom til å runde 1000 til vinterferien. Det skal nok mykje til, men kven viet. Om nokre fleire vert med i skrivinga, vil det ikkje vere umogleg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *