Veke 12, 2011

Share

Eg sendte dette programmet til Setesdølen i kveld:

Tysdag 22. mars
Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld. Country Gospel TImen med Per Govertsen
19.30 Sørlandets Litteraturpris og anna
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer musikk av Pachelbel
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 23. mars
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Anna Stella Karlsdottir, reserveteknikar Jørund Georg Jore
Telefonvakter: Ingunn Åkre Uppstad og Ingebjørg Helle Haugen

18.00 Aktuell time. Her vert det mellom anna inslag om Facebook-kurset som var på Sølvgarden sist veke.
19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Torunn Charlotte Lund
20.00 Haralds time med gjester
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre RIke

Fylg oss på Facebook
Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com
Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no
Meir om programma på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no

Overraskingar i politikken i Valle

Share

Eg vart noko overraska då Setesdølen for fredag 18. mars kom. Hovudoppslaget var at Pål Dale gir seg etter 40 år i lokalpolitikken. Eg hadde han med meg i studio i Valle Radio då nominasjonsmøtet var ferdig, det var etter siste kommunestyremøte, og då verka han tent på å gå på ein ny periode i kommunestyret. Han var nøgd med at Bjørgulf T. Berg hadde sagt seg viljug til å stå på lista att etter å ha vore ute ein periode.

Måndagskvelden fortalde Bjørgulv Sverdrup Lund på Facebook at svigersonen til Pål, Frode Verpe var nomintert på 1. plass på Høgre-lista. Han er konstituert helsesjef i Valle, og Liv Bratlie Løyland stilte spørsmålet som eg og undra meg på: Kan han stå på lista når han er helsesjef? Etter det eg har kunna finne ut, har det ikkje kome svar på det. I staden kom så meldinga om at Pål trekkjer seg for å sleppe nye krefter til.

Tidlegare i vinter opplevde vi at Steinar Kyrvestad og Hanne Straume vart nominerte på topp på Ap-lista i Valle. Steinar gjekk frå Sp til Ap i haust og hadde nok støttespelarar til å vinne plassen på topp, og Hanne er ny i politikken. Ho har vore helsesjef, og etter reglane som ein har høyrt, kan ikkje etatsjefar sitje i kommunestyret. Men om den konstituerte helsesjefen må seie frå seg den stillinga for å late seg velje inn i kommunestyret, vil då kommunelege 1 (Hanne Straume) igjen bli helsesjef og dermed ikkje kunne veljast inn i kommunestyret.

Ettersom Sp sin topp ved førre valet ikkje lenger er medlem, må Sp finne ny toppkandidat. Om det vert Tarald Myrum, vil det truleg vere den lista som overraskar minst ved årets val i Valle. Endeleg stiller Venstre liste ved dette valet, så får ein sjå om den lista får folk som kjem inn i kommunestyret.

I kveld får eg avslutte med eit latinsk uttrykk, eg skreiv jo noko om det i går: Qui vivra verra.

Om å skrive 4

Share

I dag las eg om ein person som jobbar på eit forskningsinstitutt og som har til oppgåve å lese gjennom forskningsrapportar og gje kommentarar. Han fortalde at han gjerne spurde forskaren om han eller ho hadde med eit latinsk sitat i oppgåva. Det hadde dei han hadde spurt aldri hatt. Han trudde ikkje det kom til å skje heller. Poenget hans var at forskaren burde vere open for det uventa og kanskje ha noko som skilde denne rapporten frå alle dei andre rapportane som forskarar lagar. Då kunne det vere von om at det dei skreiv vart noko meir enn ei samling papirark med eit ISBN-nummer.

Eg tenkte då eg las det at dette vil eg skrive om i kveld. Bloggen min har hatt nokre tekstar om å skrive no. Men å klare å skrive noko som kan skilje det ein skriv frå alt det andre som vert skrive, det er ikkje lett. Kan hende vil eit latin-sitat hjelpe. (Wikipedia har ein kategori:Latinske ord og uttrykk med 160 artiklar, og det er nok knapt toppen av isfjellet av slike ord og uttrykk. Om ein ser på ) Når ein tenkjer på at latin var sjølve språket på universiteta tidlegare, er det tydeleg at det er gått sterkt tilbake med språket sin plass i dei lærde krinsane når dei ikkje eingong finn sitat å bruke i ein forskningsoppgave.

Men poenget hans er at det bør vere noko som overraskar i ei slik oppgåve. Kan hende bør det vere det på bloggen og. Å bare skrive om att det andre seier, det er truleg ikkje det beste ein kan gjere for å få folk til å bruke tida si på å lese det ein skriv. Kvar dag opplever ein noko overraskande. Det gjeld bare å leggje merke til det. Og så skrive det. Det er den teksten som skil seg ut og vert ståande.

Onsdagssendinga 16. mars 2011

Share

Eg fekk ikkje med meg starten på denne sendinga, eg hadde vore i Kristiansand og var på veg oppover då Bjørgulv T. Berg starta sendinga klokka 18. Med seg som teknikar hadde han Kåre Rike, og seinare kom Gudrun Nomeland for å vere telefonvakt. Programmet var slik:

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved konstituert helsesjef Frode Verpe
20.00 Musikkhalvtime
20.30 Bjørgulvs halvtime med gjest
21.00 Opi sending ved Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme

På turen oppover stoppa eg, som eg fortalde i går, på Pernille. Der fekk eg telefon frå Bjørgulv, som lurte på om eg hadde nokre tema han kunne bruke i kveldens sending. Eg kom ikkje på andre enn at Høgrelista for Valle 2011 no er publisert. Bjørgulv lo litt då, for Frode Verpe som står på toppen av lista, skulle ha Kommunen informerer denne kvelden. Å snakke med han om Høgre-lista var jo kanskje å blande korta noko. Men Sp-lista i Bykle 2011 var og publisert, så han kunne jo ta ein telefon til Tor Hallvard Mosdøl, meinte eg. Kva han gjorde, det veit eg ikkje. Sjølv hadde han planar om å snakke med Tarald Myrum om Sesilåmi.

I bilen mellom Helle og Valle høyrde eg på Håvard Viki sin andakt. Vel framme i Valle vart det til at eg gjorde andre ting den fyrste timen, så eg kom ikkje inn att før etter halv ni. Då snakka han med Terje Seilskjær, som no er utnemnd til sokneprest i Valle og Bykle og ikkje bare er vikar lenger. Folk gler seg over det, ein har blitt kjent med Terje og synest han er ein likandes kar, og samtalen i radioen tyda ikkje på noko anna den stunda eg fekk høyre. Eg fekk ikkje med meg alt, ofte vert ein noko uroa sjølv om ein har tenkt å høyre på sendinga.

Så var det rebusar og Opi sending. Eg, som jo studerer Setesdølen grundigare enn mange, ettersom eg skriv overskriftene inn på Setesdalswiki, kobla nokså fort rebusen fugl+metall og ringde inn Kråkesølv. Sanneleg vart eg ikkje også trekt ut til å kome i studio, og då sendinga var slutt, stod det på Facebook at eg hadde vunne ein premie til og med. Og med det var onsdagssendinga slutt for min del. Men om nokon av dykk som les dette, synest artikkelen om programmet på Setesdalswiki er noko tynn, så kan de gjerne gå inn og fikse på den med meir stoff. Både aktuell time og resten av programmet treng utfyllande informasjon. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110316

I staden for tysdagssending

Share

Denne veka var det ikkje tysdagssending. Eg måtte ein tur til byen midt i veka. Slike turar likar eg ikkje, men av og til er dei ikkje til å unngå. For nokre år sidan hadde eg nok teke sendinga tysdagskvelden og så reist nedover etterpå. Men denne gongen tenkte eg at eg skulle køyre i dagslys og kome heim i skipeleg tid, slik at eg kunne vere utkvild til onsdagen.

På turen nedover stoppa eg på Tappen på Bygland. Det vert noko sjeldan eg stoppar der, men det er så hyggeleg med den vesle kafekroken dei har fått, der kan ein slappe av og få seg ein matbit. Så var eg innom hos Siri Johannessen, som har fått seg jobb i Bygland, (du hugsar ho som var med meg i nokre program i Valle Radio i haust) og fekk med dei tre fyrste Setesdølen for 2010. Eg mangla dei for å få komplettert artiklane på Setesdalswiki med overskrifter frå Setesdølen 2010. No er den lista heilt blå, det vil seie at det er artiklar om alle 108 utgjevingane. Dermed kan Setesdalswiki no fungere som innhaldsliste til Setesdølen for 2010. Dei minste notisane er ikkje tekne med, men elles er det meste med. Så om du lurer på noko du meiner du har lese i Setesdølen, men ikkje hugsar kva nummer det var, kan du søke på Setesdalswiki. Om du har teke vare på avisa for 2010, kan du gå og finne artikkelen og lese det som stod der.

Hugsar du at det vart skote ein jerv i fjor. Søk på jerv på Setesdalswiki og du finn at det var omtalt i nr. 32, 2010. På side 6 står det: Skaut jerv ved Bånevatn i Bykle. Det er til og med ein artikkel om dette vatnet. Artikkeln har kart og i den står det at jerven var 14 kilo. Det var Statens Naturoppsyn som skaut jerven. Det er og lenke til ein artikkel i Stavanger Aftenblad om dette.

Målet mitt er at folk skal kunne bruke Setesdalswiki til å finne informasjon om laust og fast i Setesdal. Dei tre avisene hjelpte meg nærare målet. Vel heime i Mandal brukte eg noko tid på å få på plass nokre artiklar basert på desse avisene. Eg ville gjerne at vi skulle runde 1000 artiklar i Setesdalswiki denne veka. Det ser ut til at vi klarer det. Når eg skriv dette, er det bare 17 artiklar att til det målet.

På turen oppover i dag fekk eg meg middag på Pernille. Der møtte eg Jorunn Lund Tveit og mannen Olav Tveit. Dei ville på konsert med Lindesnes Trekkspelklubb. Den konserten var i kveld, og ikkje neste onsdag, som Helene ved ein feil kom til å skrive i gårsdagens Setesdølen. Den feilen førte til at kveldens konsert vart omtalt på Sørlandssendinga fleire gonger i dag, så eg vonar at dei som ville på konserten, kom seg dit. Sjølv sette eg kursen nordover for å høyre på Valle Radio. Men eg stoppa på Tappen i Bygland på turen oppover og. Like hyggeleg denne gongen.

Om å skrive 3

Share

Av og til lurer eg på om eg skal skrive kva det eigentleg gjeld, eller om eg skal pakke stoffet mitt i bomull. Eg er ikkje sikker på det i kveld heller, men eg meiner nok at det er betre å gå rett på sak, enn å vere rund i kantane. Men så er det omsynet til den som les. Det er ikkje alltid så gildt å vere lærar og fortelje ein elev at ho har bomma på oppgåva.

For mine utanlandske elevar er det ofte eit problem å forstå kva orda i oppgåva tyder. Då kan dei kome ut på ville vegar. Til dømes hadde vi ei oppgåve som var slik: Fortell om en hendelse som har gjort deg glad. Då var det ein av elevane som lurte på kva hendelse betyr. Ein annan elev skreiv teksten sin utan å bry seg om å spørje. Ho trudde ho visste kva hendelse var. Då ho høyrde forklaringa eg gav til medeleven, skjøna ho nok at ho hadde bomma på oppgåva.

Det er mange hendingar som kan gjere oss glade. Då eg før jol trefte ein elg på Nomeland, var eg sjeleglad at han ikkje kom inn frontruta for å helse på meg, sjølv om eg ergra meg over at sidespegelen tok støyten. Eg har ikkje fiksa spegelen enno, det er ei dagleg påminning om ei hending som gjorde meg glad.

Når elevane får stor konvolutt frå Folkeuniversitetet, har dei grunn til å vere glade. Om det kjem ein liten konvolutt med melding om resultatet etter Norsk Språktest, då har dei ikkje bestått. Om det kjem ein stor konvolutt, då har dei klart testen. Å få ein slik stor konvolutt, det er grunn til glede.

Det er altså viktig å seie det ein har på hjarta. Så får ein finne ei form. Den forma kan variere etter kva ein skal formidle. Å skrive tre små vers kan vere vel så vanskeleg som ein 70 siders rapport. Å forme ein sang med rytme og rim som ikkje haltar, det er og ei oppgåve som ikkje alle meistrar.

Ein gong var eg på eit skrivekurs. Læraren der hadde ein god pedagogikk. Han sa: Har du noko å seie? Så sei det.

Så gjekk vi gjennom tekstane for å finne ut kva det var vi hadde på hjarta og å kontrollere om vi hadde fått det fram. Å jobbe slik er ikkje lett. Men resultatet kan gje grunn til glede.

Om å skrive 2

Share

Eg slår like godt til med eit nytt avsnitt om å skrive. For når ein skriv, er det viktig å skrive på ein slik måte at den som les, ikkje føler at språket til skribenten er vanskeleg å skjøne. Når ein skal skrive til høgare utdanning, er det ofte eit problem. Ein skal bruke faguttrykk, nokre av dei har ein jobba hardt for å skjøne sjølv. Å få dei inn i flytande språk, er ikkje lett.

Wikipedia har eit spesielt syn på det å skrive. Den som skriv, frigjev teksten sin slik at alle kan skrive vidare på den teksten du startar. Til dømes er det alt over 150 redigeringar på den norske artikkelen om Jordskjelvet og tsunamien i Sendai 2011, og det er jo ikkje nokon gammal artikkel. Sjå på historikken til artikkelen: http://no.wikipedia.org/wiki/Jordskjelvet_og_tsunamien_i_Sendai_2011

Nokon likar å skrive på den forma. Andre vil heller eige teksten sjølv og ikkje late andre gå inn og skrive i ein tekst ein sjølv har starta. Som lærar går ein jo inn i elevane sine tekstar og prøver å hjelpe dei til å få form og struktur på det dei skriv om. Det kan av og til vere ganske mykje arbeid.

Målet med å skrive er jo at andre skal kunne lese det ein har på hjarte og vonleg verte litt klokare av det. Difor er det viktig å bruke eit språk som lesaren meistrar. Av og til når eg les artiklar både på wikipedia og i tidsskrift, slit eg med å skjøne kva forfattaren vil seie. Det er jo ikkje inspirerande. Men av og til møter eg ein tekst som rører meg og gjev meg nye tankar og visjonar. Då tenkjer eg at det var slik eg skulle ha skrive. Korleis kan eg klare å få det til? Det er ei utfordring eg må møte kvar gong eg set meg til tastaturet.

I grunnen er det det same som skjer for meg når eg har eit program i Valle Radio. Eg har noko på hjarta som eg vil at lyttarane skal få del i. Å finne forma som gjev dei den opplevinga, det er utfordringa. Ein av dei som eg synest klarar det, er Asbjørn Kvalbein, Norea sin webpastor. Han fyller år i dag, fødd i 1944, eg gratulerete han på Facebook frå Setesdal og Valle Radio. I det meste av sitt liv har han samla på historier som han krydrer stoffet sitt med, tek utgangspunkt i eller brukar for å illustrere. Det er ei form som appellerer til meg, så eg har brukt det nokre gonger. Og eg skulle ønske eg kunne få til noko liknande sjølv.

Om å skrive

Share

Når det gjeld skriving, er folk ulike. I vår digitale verd treng ein å kunne skrive på maskin, og den som lærer seg til å bruke alle, eller i alle fall dei fleste fingrane, har ein føremun. Men å finne kva ein skal skrive om, er ikkje alltid like lett. Og om ein finn noko å skrive om, så er det jo ikkje alltid like lett å skrive det ein eigentleg vil seie.

I løpet av mine snart 20 år i Valle har skriving vore ein viktig del av livet mitt. Og om eg ser på dei snart 40 åra eg har vore yrkesaktiv, har det grunnlaget eg fekk då eg tok norsk grunnfag i Stavanger våren 1972 vore til stor nytte og glede. Eg fekk ei noko bratt læringskurve, for då eg var ferdig med det året i Stavanger, tok eg til som redaktør for vekeavisa Fiskerens Venn, organ for Den indre Sjømannsmisjon. Kvar veke skulle om lag 40 maskinskrevne sider gjennom mine fingrar. Dette var før datamaskinane gjorde sitt inntog for oss skrivelystne. Eg nytta skrivemaskin med kulehovud, den var kjekk, for når ein skreiv feil, var det rettetast, så ein kunne ta bort den bokstaven som ikkje skulle vere der. Så var det å ta turen på trykkeriet, slik at dei kunne taste det inn i sine maskiner, og så var det å lese korrektur.

Mykje har endra seg, men eg ser jo at det enklaste for meg er å skrive når eg har noko å sjå etter. Difor går det nokså raskt å skrive Setesdalswiki, der eg ofte har eit Setesdølen liggjande for å kunne finne det eg skal skrive. Det er vanskelegare å skrive bloggen, der må eg suge idear av eige bryst, og det er ikkje alltid like lett.

Samstundes er det jo slik at jo meir ein skriv, di lettare vert det. Øving gjer meister og innan skriving. Men ofte er det eit problem å få ein god struktur på det ein skiv. Å få til ei innleiing, ein hovuddel, ei drøfting og ei avslutning, slik vi lærte på gymnaset, er jo det ideelle. Men etter kvart har eg nok gått meir over i kåseristilen i skrivinga mi, då er det større rom for innfall. I alle fall er det nok slik på bloggen.

Ein burde nok skrive nokre tusen teikn kvar dag. Ein bloggpost bør vere på eit par tusen teikn, og denne er no blitt på det nivået. Takk for at du las det eg skreiv.

Veke 12, 2011

Share

Tysdagssendinga 15. mars 2011 går ut. Av og til kjem andre oppgåver i vegen for Valle Radio. Eg likar ikkje å avlyse program, men det er ikkje alltid ein kan bestemme sjølv. Ettersom eg er aleine om å lage desse programma, har eg ikkje nokon eg kan bytte med, slik som ein kan få det til ein onsdagskveld. Då må tysdagssendinga gå ut.

Men onsdagskvelden er det Bjørgulv som er sett opp til å ha ansvaret, og den sendinga vil nok gå som planlagd.

I grunnen er det imponerande korleis staben i Valle Radio klarar å lage program til glede og nytte for bygda veke etter veke frå september til ut mai. Mange gonger når vi snakkar om det, seier vi til kvarandre at det er fordi vi har onsdagane, det hadde vore vanskelegare å få folk til å stille opp på den måten fredagskveldane. EIn kan ikkje anna enn å vere imponert over Radio Evje, som klarar å få folk til å stille opp fredagskveldane.

Veke 12 ser elles ut til å verte ei svært aktiv veke i Setesdal. Dei politiske partia er i innspurten med nominasjonane. Måndag kveld er det konsert med Olav Stedje i Storstoga, same kvelden er det møte med Elin Fagerbakke på Nomeland Bedehus og nominasjonsmøte i Valle Høgre. Tysdag 15. mars er og siste frist for å søke om kulturmidlar i Valle. Denne dagen er det og karusellrenn i Bykle og årsmøte i Fjellro grendelag på Hovet. Og onsdag er det spitekafe. Fredag er det årsmøte i Valle mållag og laurdag er det Brokke Big Jump Session 2011.

Det er mykje informasjon om det som rører seg i Valle på
http://www.valle.kommune.no/Modules/calendarcategory.aspx Ta turen innom på kommunen sin kalender og fylg med på det som skjer.

Plansmie og planlegging

Share

Rebusane onsdagskvelden i Valle Radio var henta frå siste nummer av Setesdølen. Der var det eit lesarinnlegg som handla om plansmia dei laga på Evje for eit år sidan. Det var vel Gyro Uppstad som løyste rebusen og kom gjennom med ordet plansmie, og vi kom så til å snakke litt om å leggje planar.

For henne var det ikkje som for svært mange andre at dei planlegg Syden-tur. Hennar planlegging var meir nærliggjande, ho måtte no planlegge lemminga, og det kom til å bli mykje styr, for ho venta både trillingar og kanskje firlingar og. Då vert det mykje tåtelam, så ein må planlegge og ha kalvegodt i bakhand. Og så skal det kjøpast inn øyremerke. Vi snakka og om å planlegge med omsyn til for, ikkje minst når det vert ein sein vår. Det vart etter kvart ganske mykje ein må leggje planar for å kunne løyse på ein enkel og god måte.

Mange er nok alt begynt å planlegge sommarferien, skal ein ha tidleg eller sein ferie, skal ein vere heime eller dra på tur. Når det gjeld det første, er eg i den litt heldige stillingen at som lærar har eg både tidleg og sein ferie, men ettersom dei tenkjer slik der kona jobbar, får eg med meg litt av det, eg og.

Plansmia på Evje var eit stort tiltak der mange var involverte i å kome med innspel til kommuneplanen. Ikkje lett å legge planar for utvikling av eit sentrum som dag etter dag må leve med støy frå ein skytebane som er i bruk dag og kveld i store deler av året. Spørsmålet om å byggje inne ein 200 meters skytebane kan då sikkert kome opp. Med god isolering vil lite støy kome ut av huset. Men kan ein gjere noko slikt?