I avkroken

Share

I dagens Fædrelandsvennen var det ein artikkel om Agder, kva det er og korleis Agder er blitt oppfatta gjennom tidene. Delinga i aust og vest har tydelegvis lange tradisjonar etter det ein kunne lese, sjølv om det ikkje alltid har vore så formell ei deling som det er no med dei to fylka.

Vel så interessant var det å lese om avkroken Råbyggelaget, det som ligg innanfor kanten mot havet. For det var visst det Agder skulle bety etter dei lærde si tolkning. Råbyggelaget betydde etter det eg fekk med meg avkroken innanfor. Det var jo godt å få vite at Valle Radio sender til avkroken innanfor. Eg tenkjer at via nettradioen får folk ute ved kanten av det opprørte havet høyre frå avkroken innanfor.

Akkurat denne veka held eg meg ved kanten av havet. Ikkje slik at eg sit og kikkar ut over mot Danmark og andre fjerne land på andre sida av havet, nei huset vårt ligg ikkje slik til. Men å ha vinterferie er for meg å nyte langsame dagar i noverande Mandal, tidlegare Halse sokn. At vi ikkje er byfolk syner seg og i kyrkja, eg trur knapt eg nokon gong har site i by-avdelinga i Mandal kyrkje til ei gudsteneste. Vi sit i det venstre sideskipet i denne store kyrkja. Og vi er ikkje i avkroken, inkluderte og med i messa på alle måtar.

For tida driv eg og les gamle nummer av Setesdølen. Ikkje så veldig gamle, men årsgamle. Der repeterer eg diskusjonent om at ein ikkje bør byggje hus på Moisund, det vil føre til pendling som er ille for kloden. Kvifor skal nokon bu i avkrokane, det er jo plass til alle i byen, tenkjer eg, la folk bu i blokker i Tinnheia og Slettheia og vente på bussar når dei skal ut.

Og så får vi ein dag som den vi har hatt i dag, med sol over snøkvite vidder i avkroken. -Eg ville ikkje bytte med nokon by, var ein kommentar eg fekk frå Bygland i ein samtale i dag. Og det same les eg i ulike former på Facebook, der folk frå avkroken kommenterer natur og det gode liv.

_Hvis eg kan ha jobb her, vil eg aldri flytte frå Valle, seier mange flyktningar når dei har lært seg nok norsk. Vi har det godt og unner andre å ha det like godt.