Plansmie og planlegging

Share

Rebusane onsdagskvelden i Valle Radio var henta frå siste nummer av Setesdølen. Der var det eit lesarinnlegg som handla om plansmia dei laga på Evje for eit år sidan. Det var vel Gyro Uppstad som løyste rebusen og kom gjennom med ordet plansmie, og vi kom så til å snakke litt om å leggje planar.

For henne var det ikkje som for svært mange andre at dei planlegg Syden-tur. Hennar planlegging var meir nærliggjande, ho måtte no planlegge lemminga, og det kom til å bli mykje styr, for ho venta både trillingar og kanskje firlingar og. Då vert det mykje tåtelam, så ein må planlegge og ha kalvegodt i bakhand. Og så skal det kjøpast inn øyremerke. Vi snakka og om å planlegge med omsyn til for, ikkje minst når det vert ein sein vår. Det vart etter kvart ganske mykje ein må leggje planar for å kunne løyse på ein enkel og god måte.

Mange er nok alt begynt å planlegge sommarferien, skal ein ha tidleg eller sein ferie, skal ein vere heime eller dra på tur. Når det gjeld det første, er eg i den litt heldige stillingen at som lærar har eg både tidleg og sein ferie, men ettersom dei tenkjer slik der kona jobbar, får eg med meg litt av det, eg og.

Plansmia på Evje var eit stort tiltak der mange var involverte i å kome med innspel til kommuneplanen. Ikkje lett å legge planar for utvikling av eit sentrum som dag etter dag må leve med støy frå ein skytebane som er i bruk dag og kveld i store deler av året. Spørsmålet om å byggje inne ein 200 meters skytebane kan då sikkert kome opp. Med god isolering vil lite støy kome ut av huset. Men kan ein gjere noko slikt?