Om å skrive 3

Share

Av og til lurer eg på om eg skal skrive kva det eigentleg gjeld, eller om eg skal pakke stoffet mitt i bomull. Eg er ikkje sikker på det i kveld heller, men eg meiner nok at det er betre å gå rett på sak, enn å vere rund i kantane. Men så er det omsynet til den som les. Det er ikkje alltid så gildt å vere lærar og fortelje ein elev at ho har bomma på oppgåva.

For mine utanlandske elevar er det ofte eit problem å forstå kva orda i oppgåva tyder. Då kan dei kome ut på ville vegar. Til dømes hadde vi ei oppgåve som var slik: Fortell om en hendelse som har gjort deg glad. Då var det ein av elevane som lurte på kva hendelse betyr. Ein annan elev skreiv teksten sin utan å bry seg om å spørje. Ho trudde ho visste kva hendelse var. Då ho høyrde forklaringa eg gav til medeleven, skjøna ho nok at ho hadde bomma på oppgåva.

Det er mange hendingar som kan gjere oss glade. Då eg før jol trefte ein elg på Nomeland, var eg sjeleglad at han ikkje kom inn frontruta for å helse på meg, sjølv om eg ergra meg over at sidespegelen tok støyten. Eg har ikkje fiksa spegelen enno, det er ei dagleg påminning om ei hending som gjorde meg glad.

Når elevane får stor konvolutt frå Folkeuniversitetet, har dei grunn til å vere glade. Om det kjem ein liten konvolutt med melding om resultatet etter Norsk Språktest, då har dei ikkje bestått. Om det kjem ein stor konvolutt, då har dei klart testen. Å få ein slik stor konvolutt, det er grunn til glede.

Det er altså viktig å seie det ein har på hjarta. Så får ein finne ei form. Den forma kan variere etter kva ein skal formidle. Å skrive tre små vers kan vere vel så vanskeleg som ein 70 siders rapport. Å forme ein sang med rytme og rim som ikkje haltar, det er og ei oppgåve som ikkje alle meistrar.

Ein gong var eg på eit skrivekurs. Læraren der hadde ein god pedagogikk. Han sa: Har du noko å seie? Så sei det.

Så gjekk vi gjennom tekstane for å finne ut kva det var vi hadde på hjarta og å kontrollere om vi hadde fått det fram. Å jobbe slik er ikkje lett. Men resultatet kan gje grunn til glede.