I staden for tysdagssending

Share

Denne veka var det ikkje tysdagssending. Eg måtte ein tur til byen midt i veka. Slike turar likar eg ikkje, men av og til er dei ikkje til å unngå. For nokre år sidan hadde eg nok teke sendinga tysdagskvelden og så reist nedover etterpå. Men denne gongen tenkte eg at eg skulle køyre i dagslys og kome heim i skipeleg tid, slik at eg kunne vere utkvild til onsdagen.

På turen nedover stoppa eg på Tappen på Bygland. Det vert noko sjeldan eg stoppar der, men det er så hyggeleg med den vesle kafekroken dei har fått, der kan ein slappe av og få seg ein matbit. Så var eg innom hos Siri Johannessen, som har fått seg jobb i Bygland, (du hugsar ho som var med meg i nokre program i Valle Radio i haust) og fekk med dei tre fyrste Setesdølen for 2010. Eg mangla dei for å få komplettert artiklane på Setesdalswiki med overskrifter frå Setesdølen 2010. No er den lista heilt blå, det vil seie at det er artiklar om alle 108 utgjevingane. Dermed kan Setesdalswiki no fungere som innhaldsliste til Setesdølen for 2010. Dei minste notisane er ikkje tekne med, men elles er det meste med. Så om du lurer på noko du meiner du har lese i Setesdølen, men ikkje hugsar kva nummer det var, kan du søke på Setesdalswiki. Om du har teke vare på avisa for 2010, kan du gå og finne artikkelen og lese det som stod der.

Hugsar du at det vart skote ein jerv i fjor. Søk på jerv på Setesdalswiki og du finn at det var omtalt i nr. 32, 2010. På side 6 står det: Skaut jerv ved Bånevatn i Bykle. Det er til og med ein artikkel om dette vatnet. Artikkeln har kart og i den står det at jerven var 14 kilo. Det var Statens Naturoppsyn som skaut jerven. Det er og lenke til ein artikkel i Stavanger Aftenblad om dette.

Målet mitt er at folk skal kunne bruke Setesdalswiki til å finne informasjon om laust og fast i Setesdal. Dei tre avisene hjelpte meg nærare målet. Vel heime i Mandal brukte eg noko tid på å få på plass nokre artiklar basert på desse avisene. Eg ville gjerne at vi skulle runde 1000 artiklar i Setesdalswiki denne veka. Det ser ut til at vi klarer det. Når eg skriv dette, er det bare 17 artiklar att til det målet.

På turen oppover i dag fekk eg meg middag på Pernille. Der møtte eg Jorunn Lund Tveit og mannen Olav Tveit. Dei ville på konsert med Lindesnes Trekkspelklubb. Den konserten var i kveld, og ikkje neste onsdag, som Helene ved ein feil kom til å skrive i gårsdagens Setesdølen. Den feilen førte til at kveldens konsert vart omtalt på Sørlandssendinga fleire gonger i dag, så eg vonar at dei som ville på konserten, kom seg dit. Sjølv sette eg kursen nordover for å høyre på Valle Radio. Men eg stoppa på Tappen i Bygland på turen oppover og. Like hyggeleg denne gongen.