Onsdagssendinga 16. mars 2011

Share

Eg fekk ikkje med meg starten på denne sendinga, eg hadde vore i Kristiansand og var på veg oppover då Bjørgulv T. Berg starta sendinga klokka 18. Med seg som teknikar hadde han Kåre Rike, og seinare kom Gudrun Nomeland for å vere telefonvakt. Programmet var slik:

18.00 Aktuell time
19.00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved konstituert helsesjef Frode Verpe
20.00 Musikkhalvtime
20.30 Bjørgulvs halvtime med gjest
21.00 Opi sending ved Henri Tore Viki og Rolf Erik Homme

På turen oppover stoppa eg, som eg fortalde i går, på Pernille. Der fekk eg telefon frå Bjørgulv, som lurte på om eg hadde nokre tema han kunne bruke i kveldens sending. Eg kom ikkje på andre enn at Høgrelista for Valle 2011 no er publisert. Bjørgulv lo litt då, for Frode Verpe som står på toppen av lista, skulle ha Kommunen informerer denne kvelden. Å snakke med han om Høgre-lista var jo kanskje å blande korta noko. Men Sp-lista i Bykle 2011 var og publisert, så han kunne jo ta ein telefon til Tor Hallvard Mosdøl, meinte eg. Kva han gjorde, det veit eg ikkje. Sjølv hadde han planar om å snakke med Tarald Myrum om Sesilåmi.

I bilen mellom Helle og Valle høyrde eg på Håvard Viki sin andakt. Vel framme i Valle vart det til at eg gjorde andre ting den fyrste timen, så eg kom ikkje inn att før etter halv ni. Då snakka han med Terje Seilskjær, som no er utnemnd til sokneprest i Valle og Bykle og ikkje bare er vikar lenger. Folk gler seg over det, ein har blitt kjent med Terje og synest han er ein likandes kar, og samtalen i radioen tyda ikkje på noko anna den stunda eg fekk høyre. Eg fekk ikkje med meg alt, ofte vert ein noko uroa sjølv om ein har tenkt å høyre på sendinga.

Så var det rebusar og Opi sending. Eg, som jo studerer Setesdølen grundigare enn mange, ettersom eg skriv overskriftene inn på Setesdalswiki, kobla nokså fort rebusen fugl+metall og ringde inn Kråkesølv. Sanneleg vart eg ikkje også trekt ut til å kome i studio, og då sendinga var slutt, stod det på Facebook at eg hadde vunne ein premie til og med. Og med det var onsdagssendinga slutt for min del. Men om nokon av dykk som les dette, synest artikkelen om programmet på Setesdalswiki er noko tynn, så kan de gjerne gå inn og fikse på den med meir stoff. Både aktuell time og resten av programmet treng utfyllande informasjon. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110316