Overraskingar i politikken i Valle

Share

Eg vart noko overraska då Setesdølen for fredag 18. mars kom. Hovudoppslaget var at Pål Dale gir seg etter 40 år i lokalpolitikken. Eg hadde han med meg i studio i Valle Radio då nominasjonsmøtet var ferdig, det var etter siste kommunestyremøte, og då verka han tent på å gå på ein ny periode i kommunestyret. Han var nøgd med at Bjørgulf T. Berg hadde sagt seg viljug til å stå på lista att etter å ha vore ute ein periode.

Måndagskvelden fortalde Bjørgulv Sverdrup Lund på Facebook at svigersonen til Pål, Frode Verpe var nomintert på 1. plass på Høgre-lista. Han er konstituert helsesjef i Valle, og Liv Bratlie Løyland stilte spørsmålet som eg og undra meg på: Kan han stå på lista når han er helsesjef? Etter det eg har kunna finne ut, har det ikkje kome svar på det. I staden kom så meldinga om at Pål trekkjer seg for å sleppe nye krefter til.

Tidlegare i vinter opplevde vi at Steinar Kyrvestad og Hanne Straume vart nominerte på topp på Ap-lista i Valle. Steinar gjekk frå Sp til Ap i haust og hadde nok støttespelarar til å vinne plassen på topp, og Hanne er ny i politikken. Ho har vore helsesjef, og etter reglane som ein har høyrt, kan ikkje etatsjefar sitje i kommunestyret. Men om den konstituerte helsesjefen må seie frå seg den stillinga for å late seg velje inn i kommunestyret, vil då kommunelege 1 (Hanne Straume) igjen bli helsesjef og dermed ikkje kunne veljast inn i kommunestyret.

Ettersom Sp sin topp ved førre valet ikkje lenger er medlem, må Sp finne ny toppkandidat. Om det vert Tarald Myrum, vil det truleg vere den lista som overraskar minst ved årets val i Valle. Endeleg stiller Venstre liste ved dette valet, så får ein sjå om den lista får folk som kjem inn i kommunestyret.

I kveld får eg avslutte med eit latinsk uttrykk, eg skreiv jo noko om det i går: Qui vivra verra.