Om å skrive

Share

Når det gjeld skriving, er folk ulike. I vår digitale verd treng ein å kunne skrive på maskin, og den som lærer seg til å bruke alle, eller i alle fall dei fleste fingrane, har ein føremun. Men å finne kva ein skal skrive om, er ikkje alltid like lett. Og om ein finn noko å skrive om, så er det jo ikkje alltid like lett å skrive det ein eigentleg vil seie.

I løpet av mine snart 20 år i Valle har skriving vore ein viktig del av livet mitt. Og om eg ser på dei snart 40 åra eg har vore yrkesaktiv, har det grunnlaget eg fekk då eg tok norsk grunnfag i Stavanger våren 1972 vore til stor nytte og glede. Eg fekk ei noko bratt læringskurve, for då eg var ferdig med det året i Stavanger, tok eg til som redaktør for vekeavisa Fiskerens Venn, organ for Den indre Sjømannsmisjon. Kvar veke skulle om lag 40 maskinskrevne sider gjennom mine fingrar. Dette var før datamaskinane gjorde sitt inntog for oss skrivelystne. Eg nytta skrivemaskin med kulehovud, den var kjekk, for når ein skreiv feil, var det rettetast, så ein kunne ta bort den bokstaven som ikkje skulle vere der. Så var det å ta turen på trykkeriet, slik at dei kunne taste det inn i sine maskiner, og så var det å lese korrektur.

Mykje har endra seg, men eg ser jo at det enklaste for meg er å skrive når eg har noko å sjå etter. Difor går det nokså raskt å skrive Setesdalswiki, der eg ofte har eit Setesdølen liggjande for å kunne finne det eg skal skrive. Det er vanskelegare å skrive bloggen, der må eg suge idear av eige bryst, og det er ikkje alltid like lett.

Samstundes er det jo slik at jo meir ein skriv, di lettare vert det. Øving gjer meister og innan skriving. Men ofte er det eit problem å få ein god struktur på det ein skiv. Å få til ei innleiing, ein hovuddel, ei drøfting og ei avslutning, slik vi lærte på gymnaset, er jo det ideelle. Men etter kvart har eg nok gått meir over i kåseristilen i skrivinga mi, då er det større rom for innfall. I alle fall er det nok slik på bloggen.

Ein burde nok skrive nokre tusen teikn kvar dag. Ein bloggpost bør vere på eit par tusen teikn, og denne er no blitt på det nivået. Takk for at du las det eg skreiv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *