Om å skrive 2

Share

Eg slår like godt til med eit nytt avsnitt om å skrive. For når ein skriv, er det viktig å skrive på ein slik måte at den som les, ikkje føler at språket til skribenten er vanskeleg å skjøne. Når ein skal skrive til høgare utdanning, er det ofte eit problem. Ein skal bruke faguttrykk, nokre av dei har ein jobba hardt for å skjøne sjølv. Å få dei inn i flytande språk, er ikkje lett.

Wikipedia har eit spesielt syn på det å skrive. Den som skriv, frigjev teksten sin slik at alle kan skrive vidare på den teksten du startar. Til dømes er det alt over 150 redigeringar på den norske artikkelen om Jordskjelvet og tsunamien i Sendai 2011, og det er jo ikkje nokon gammal artikkel. Sjå på historikken til artikkelen: http://no.wikipedia.org/wiki/Jordskjelvet_og_tsunamien_i_Sendai_2011

Nokon likar å skrive på den forma. Andre vil heller eige teksten sjølv og ikkje late andre gå inn og skrive i ein tekst ein sjølv har starta. Som lærar går ein jo inn i elevane sine tekstar og prøver å hjelpe dei til å få form og struktur på det dei skriv om. Det kan av og til vere ganske mykje arbeid.

Målet med å skrive er jo at andre skal kunne lese det ein har på hjarte og vonleg verte litt klokare av det. Difor er det viktig å bruke eit språk som lesaren meistrar. Av og til når eg les artiklar både på wikipedia og i tidsskrift, slit eg med å skjøne kva forfattaren vil seie. Det er jo ikkje inspirerande. Men av og til møter eg ein tekst som rører meg og gjev meg nye tankar og visjonar. Då tenkjer eg at det var slik eg skulle ha skrive. Korleis kan eg klare å få det til? Det er ei utfordring eg må møte kvar gong eg set meg til tastaturet.

I grunnen er det det same som skjer for meg når eg har eit program i Valle Radio. Eg har noko på hjarta som eg vil at lyttarane skal få del i. Å finne forma som gjev dei den opplevinga, det er utfordringa. Ein av dei som eg synest klarar det, er Asbjørn Kvalbein, Norea sin webpastor. Han fyller år i dag, fødd i 1944, eg gratulerete han på Facebook frå Setesdal og Valle Radio. I det meste av sitt liv har han samla på historier som han krydrer stoffet sitt med, tek utgangspunkt i eller brukar for å illustrere. Det er ei form som appellerer til meg, så eg har brukt det nokre gonger. Og eg skulle ønske eg kunne få til noko liknande sjølv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *