Fin reportasje i Setesdølen

Share

I dag var det ein fin reportasje i Setesdølen om påskebasaren til Valle Radio. Ole Birger Lien hadde fått med seg at det i løpet av dei to kveldane kom inn 2600 telefonar og meldingar i tillegg til det som kom av respons via Faacebook og mail. Ørnulf fortel at det som redda sendingane i år, var at svært mange valde å følgje radioen via internett. Eg var ein av dei som høyrde på sendingane via streaminga. På det meste var det 125 som gjorde det samstundes, etter det statistikken synte då eg kom i radioen tysdagskvelden.

Men eit tjuetal medarbeidarar og like mange datamaskinar i sving, så var det ein stor innsats som vart lagd ned i påskebasaren. Jon Tellefsen vann dalebuksa. Seks bilete klarte Ole Birger å få med i reportasjen, både programleiarar, teknikarar og andre var med på bileta. Mange bliete frå sendinga var og lagde ut på Facebook, så påskesendinga 2011 vart godt dekt med bilete der og. Mange var det og som kjøpte lodd via Facebook.

Resultatet vart altså 165.000 kroner, som er noko mindre enn i fjor. Men det er grunn til å takke alle som var med i loddkjøpet. Utan loddsal ville sendinga ikkje gitt den støtta til å drive radioen som den no gjer. Utan loddsal ville det knapt nok vore noko sending.

Vel blåst og takk for innsatsen til alle som var med.

Nydelege dagar

Share

Dei fekk høveleg ver då dei skulle skifte torv på taket på Bergtun. I dag var det ikkje brennande heitt, men ein fin dag likevel. Så fin at det godt kunne vore bord og benker ute i sentrum.

Eg trur folk saknar bordet utanfor Valle Handel. Nokre elevar frå ungdomsskulen hadde visst hatt eit opplegg på kommunehuset i dag, og då det var slutt, gjekk dei opp i sentrum for å slappe av. Men bordet dei hadde trengt, det var ikkje der, så dei sette seg i trappa opp til biblioteket. Der fekk dei i seg litt drivstoff i form av snop og snadder. Det såg ut til å vere hyggeleg.

Men då eg kom tilbake ein halv time seinare, låg bare papiret att. Det såg ikkje ut til at nokon av dei hadde høyrt at ein skal ta med seg søpla når ein er på tur. Blomebedet, der det ikkje er blomar, men buskar, var fullt av papir og plast. Gunnar Hillestad kom inn på biblioteket etter å ha vore ute ein tur og kommenterte det. Han sa at han hadde plukka opp det meste, det såg fælt ut.

Det er tydeleg at folk saknar søppelboksane som i sommarsesongen står lagleg til i sentrum. Men ettersom sommarsesongen no er komen, er det nok på tide å få dei ut, sjølv om vi enno ikkje har nådd mai. Det er forresten ikkje så lenge til, så jo fortare, jo betre.

I dag runda Setesdalswiki 1150 artiklar. Eg har von om å klare 1200 til Setesdalskonferansen startar i neste veke. Av ein eller annan grunn kom eg til å snakke om Dr. John G. Arneberg, mannen bak Arnebergs legat som dei har i Bygland. Det var medan eg var på biblioteket, eg hadde lånt ei bok av Furer Aa. Aavitsland som eg leverte i dag. Han etablerte og eit legat. Men Arneberg kom frå garden Ånebjør i Bygland vesthei.

-Vent litt, sa Lisbeth, det er ei bok om Ånebjør. Så gjekk ho i gang med å leite, og då eg kom tilbake til biblioteket noko seinare, låg boka der, skriven av Bjarne Bratteteig, som var forpaktar der tidleg på 1950-talet. Så no les eg den og tenkjer på slitet dei hadde der i vestheia, halvanna mil frå Heggland, utan veg.

Eg bladde litt i boka, men må bruke litt meir tid på den seinare. Eg måtte fyrst bli ferdig med Himmelarkivet av Gaute Heivoll, som eg lånte før påske. Sterk fortelling med Mandal-tilknytning gjorde at eg vart engasjert i det eg las.

Amfi og meir til

Share

I kveld var det kommunestyremøte i Valle. Det starta med ei lang orientering frå rådmannen om situasjonen når det gjeld pleie og omsorg i kommunen. Rådmannen hadde fått ein konsulent til å halds sjølve orienteringa, det vert no laga ein strategiplan for dette etter at kommunestyremøte hadde bede om å få det til aprilmøtet. I orienteringa fekk vi høyre at utkastet til ny lov her no var klart for høyringsrunde, og at ein del av det som låg i den nye loven ikkje var kome med i strategiplanen, slik den lå klar til vedtak i kveld.

Seinare i møtet vart det vedteke å utsetje saka, så det vart ikkje noko stor drøfting i kveld. Likevel var det turvande med gruppemøte for Arbeidarpartiet, og då nytta dei andre partia høvet til å ha ein liten kaffipause. Dermed for alle vaflane og kaffien før møtet var slutt, noko som ikkje alle var like glade for. Terningkast 1 høyrde eg i korridoren etter møtet. Det kom ikkje ut på radioen.

Det er altså noko ein går glipp av om ein ikkje møter opp på sjølve møtet. Stemninga og praten i pausane er ikkje lett å formidle på radio, så sjølv om det er lettvint å få med seg ein del via radioen, vil eg rå folk som er interesserte i politikk til å ta turen til kommunestyresalen siste onsdag i kvar månad for å oppleve møtet live, som det heiter på nynorsk.

Utanom programmet vart det vedteke eit framlegg som vil føre til at det kjem amfi i Storstoga. På saklista stod det ei sak om diverse utbetringar, og Gunn Lien nytta høvet til å ta opp forslaget om å få amfi i salen. Ho fekk eit samrøystes vedtak, så no kan folk gle seg til gode stolar og mindre stabling i framtida. Ho trudde knapt sine eigne augo då ho såg at det vart samrøystes. Og ikkje lenge etter var det kommentar på Facebook frå folk som gledde seg med henne og kulturlivet generelt over at ei lenge etterlengta oppgradering no kunne kome på plass. Om det vert ein realitet, vert det nok råd med vaflar ein annan kveld.

Tysdagssending 3. påskedag 2011

Share

Tredje påskedag 26. april 2011

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Påskesangkveld. Siri Johannessen blir med.
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Har du informasjon om noko som skal skje, send ein mail til meg, så tek eg det med på Kyrkjebakken klokka 21.

Høyr oss på http://www.valleradio.com
Fylg Valle Radio på Facebook

Onsdag 27. april

18.00 Kommunestyremøte

Påskebasar med 164.050 – og stoff nok å ta av

Share

Ein kan ikkje anna enn å late seg imponere over påskebasaren i Valle Radio. To kveldar med om lag åtti tusen kroner kvar kveld frå folk i alle krikar og krokar av Setesdal og lenger borte også. Ein lyttar kommenterte frå jobb i Korea der han høyrde Valle Radio på Internett, og han hadde selskap av mange, eg trur eg høyrde dei sa 120 på det meste.

Eg tenkte eg skulle vente til det gjekk mot slutten før eg la i, eit år var eg heldig og vann slik, men i år vart det ikkje noko på meg. No høyrde eg ikkje heile sendinga heller, vi hadde folk i huset og då må ein vere litt sosial saman med dei, ein kan ikkje setje seg i eit hjørne for seg sjølv og høyre på radio heile kvelden.

Måten som det heile vart løyst på verka å vere under kontroll begge kveldane. Det er ein stor jobb som no skal gjerast med å sende ut rekningar for lodda og fylgje opp både vinnarar og dei som ikkje vann.

Og så er det ein månad att av sesongen. No onsdag er det kommunestyremøte. Og så er det mai, og plutseleg er det 1. juni, og då tek vi sommarferie. Så startar vi opp att i september, og då er det valg. Vi går ikkje tome for stoff og folk er framleis villige til å vere med på ein påskebasar for å støtte Valle Radio.

Takk for det.

Program 1. påskedag 2011

Share

Denne gongen skal eg prøve å få med meg starten av sendinga, som er klokka 18.

Køyreplan 1 påskedag 2011-04-24

1 Opning / studio
2 Solskinn inn i blådresssen min Vasselina bilopphuggers
3 Meterologisk institutt
4 Over dal og fjell Sie Gubba
5 Up sjef Øyvind Krogstad
6 Her er veien Vestlandsfanden
6 Kristiansand røde kors V/ alfred Georg Klausen
7 Varm kakao og appelsin Arnstein Roch Overland
8 Politi i Setesdal V/Dag Hovden
9 That’s how country boys roll Billy Currington
10 Hovden skisenter V/Ånund Nomeland
11 The gambler Kurt Nilsen
12. Helge Dahle info påskebasaren
13 That don’t make me a bad guy Tobby Keith
14 Opptak Bergtun
15 Opptak Moisund og Vinmonnopolet
16 Red red wine Ub40
17 Opptak Johs Bjørkeli
18 How long Eagles
19 nyheter frå studio Setesdølen V/Sigurd Haugsjerd
20 So i etteti Åsmund Åmli

Frå klokka 20 er Helge Dahle, Britta Lise Homme og Rolf Erik Homme i studio

Gå til http://www.valleradio.com
Klikk på live streaming (står med små bokstavar under ein knapp)

God påske

Share

Tysdag før påske spelte eg Johannespasjonen i Valle Radio. Då prega pasjonssalmer også sangkvelden i sendinga. Men komande tyrsdag er det som eigentleg er grunnen til å feire påske tema i sangkvelden. Då vil eg spele dei glade påskesalmene.

Her i Mandal har eg ikkje tilgang til Spotify, for programmet er ikkje laga for linux, som eg brukar som program i staden for windows. Men om eg skulle setje opp ei liste over aktuelle påskesalmer, ville nok desse kome med:

Påskemorgen slukker sorgen
Jesus lever, graven brast
Krist stod opp av døde
Å salige stund uten like
Han er oppstanden, halleluja
Ljos yver grav
De trodde at Jesus var borte
Livet vant, dets navn er Jesus
Deg være ære
Oppstanden er den Herre Krist
Som den gyldne sol frembryter
Guds kyrkje syng
Åpen ligger graven

Dine hender er fulle av blomster har fått ein spesiell plass i kyrkjelydane i Valle prestegjeld. Truleg er det no over 15 år sidan skikken med å gje påskeliljer til folk vart innført. Når dei går ut av kyrkja etter påskegudstenesta, får folk ei påskelilje med seg heim. Slik kan den minne om påskeunderet.

Sjølv er eg i Mandal og får ikkje vere med på det i år heller. Men når eg ser ut i hagen på påskeliljene som blømer, minner det meg om den tradisjonen.

God påske 2011

Stev og meir til

Share

Eg skjøna etter kvart at eg sende ut feil melding i går, då eg lista opp alt som skulle skje i Valle Radio og sa at det var den første timen. Det var nok dei to første timane, for då eg kom inn i sjutida, var det eit intervju med folk i Brokke, og det stod nokså sist på kjøreplanen. Dermed fekk eg ikkje med meg den gode første timen.

Men så vart det basar av godt gammalt merke, og Helge, Britta Lise og Rolf Erik snakka med folk og las opp rebusar og helsingar og loddkaup så det kvein i øyro. Då kvelden var slutt, eg høyrde ikkje alt, våre påskegjester er ikkje like hekta på Valle Radio som eg er, då hadde dei fått inn over 80.000 kroner, etter det eg las på Facebook-sida.

På årsmøtet for vel ei veke sidan (torsdag før palmesundag) fekk eg spørsmål om eg kunne lage nokre stev som kunne brukast til reklamen for hovudsponsorane. Så eg sat og venta og lurte på om dei kom, og det gjorde dei, med Helge som opplesar. Eg hadde tenkt han ville kve dei, men i staden las han med ukjenneleg røyst;

Til påske treng eg litt gode mat’e,
eg alltid kaupe meg eggsalat’e.
Den Maxi Catering lagar best,
med den i skåpet, då blir det fest.

Den beste maten, den har Gorine,
salat og kjøttkaker, kjempefine.
Frå Maxi Catering alt du får
når du skal feire dei runde år.

Til påske treng eg litt gode mat’e,
eg difor kauper meg eggsalat’e.
Den der med reker eg likar best,
Gorine fiksar potens til fest.

Han ville også ha noko for Rolfs elektro, og det fekk han, og det las han opp med same begredelege røysta:

Om du treng kvite ell’ brune vare,
til Rolfs elektro du då kan fare
Han alt leverer i Setesdal
alt du treng gjere er å betal’

Om du ein dag treng ein ny komfyr’e
du treng ‘kje ståke og mykje styre
Til Rolfs elektro du ringe må,
og snart du har dei på døra då.

No har eg kaupt meg ein ny’e TeVe
så no eg godt kan i dalen leve.
Eg heile verda i stova fær,
eg stundom græt’e og stundom lær

Så om han ikkje vil kve i sendinga 1. påskedag, kan du gjere det sjølv.

Påskebasar

Share

Det har vore den stille veka for meg, denne veka. Inga blogging på fleire dagar. I staden har eg nytta tida til litt meir skriving på Setesdalswiki, så vi runda 1100 artiklar i dag. Det var ein opptur, for det er bare tre veker sidan eg skreiv at vi runda tusen. Å klare hundre på tre veker, det synest eg er godt.

Men no er det påskebasar. Sendinga i kveld startar klokka 19, og eg tenkte eg fekk blogge litt og legge ut programmet som eg fekk tilsendt av Ørnulf:

Køyreplan frå kl. 18.00 til 19.00
1. Opning
2. Påskerally- Åsmund Åmli
3. Studio- presentere kveldens program
4. Lange late dagar- DDE
5. Meterologisk institutt
6. Hytta mi- Vassendgutane
7. Up sjef Øystein Krogstad
8. People are crasy- Billy Currington
9. Vennesla Røde Kors Tom Jarle Bakkstrøm
Tokke Røde Kors har ikkje vakt. info berre frå studio dei har
Kristiansand Røde Kors Hovden V/Alfred Georg Clausen
10. Politi i Setesdal V/Kim Asbjørn Haugen
11. Som ein båt på land- Hellbilies
12. Hovden skisenter V/Ånund Nomeland
13. Allan Jackson- it’s five o’clock somewhere
14. Helge Dahle i studio info om kvelden
15. Chicken fried- Cac brown band
16. Opptak- Moisund og frå Vinmonopolet.
17. Red red wine- UB40
18. Opptak- Johs Bjørkeli
19. The lucky one- Allison Krauss
20. Opptak Brokke skisenter
21. Nyheiter frå studio Setesdølen V/Sigurd Haugsgjerd
22. The world- Brad Paisley

Så du skjøner at det er nok av program også den første timen. Så kjem Helge Dahle, Rolf Erik Homme og Britta Lise Homme, og då vert det opi sending med loddsal og alt som høyrer til ei tradisjonell påskesending. Gå inn på Facebooksida til Valle Radio. Der er Ronny Stavsholt stand by heile kvelden og vil syte for at det som skjer der, vert formidla til programleiarane. Og så må du kjøpe lodd, det kan gjerast både frå Facebook-sida og pr. telefon.

I grunnen er det vel bare å ønske alle saman lukke til, og så gjere klar for å kople opp Internett-lenka på http://www.valleradio.com – den lenka som heiter Live streaming – bokstavane er små og vanskelege å finne, men klikk på den, så strøymer radioen inn i stova der du sit.

Årsmelding 2010

Share

Til årsmøtet i går låg denne årsmeldinga på bordet (eg fekk den tilsendt av Inga Flateland):

Ørnulf Hasla, leiar
Britta Lise Homme, nestleiar
Helge Homme, kasserar
Jørund Georg Jore, teknisk leiar
Inga Flateland, medlem
Rolf Erik Homme, varamedlem
Anna Rysstad, varamedlem

Aktivitet
Styret har i 2010 hatt 4 styremøter.

Det har vore sendingar kvar veke på tysdag og onsdag i skuleåret, og i samarbeid med Evje Radio fyrste fredag annankvar månad + nokre ekstrasendingar. Siste sending i kvar månad er som regel overføring av kommunestyremøte. I alt ca 75 sendingar.

Nettsida for radioen som vart starta på i 2008 er teken i bruk 27. mars 2010.

Programleiarar for påskebasaren var Henri Tore Viki, Britta Lise Homme og Rolf Erik Homme. Basaren gav ei brutto inntekt på kr 181 260.

Radioen har kjøpt inn ein liten PC og 5 Iphone til bruk for programleiarane. I tillegg har me kjøpt utstyr og tenester av Jørgen Lien.

Studietur til Kristiansand med besøk på NRK.

Jolebord for medarbeidarane var på Valle Motell.

Hovedsponsor for Radioen er Valle Sparebank, med kr 25 000 kvart år.

Valle kommune held oss med lokaler og straum i Valletunet til ein verdi av kr 30 000 pr år.

Valle Radios blogg
Harald Haugland har ansvar for bloggen.

Programleiarar:
Bjørgulv T. Berg, Ørnulf Hasla, Harald Haugland, Britta Lise Homme, Øyvind Jacob, Ronny Stavsholt, Jorunn Lund Harstad, Rolf Erik Homme, Henri Tore Viki

Teknikarar:
Torhild Sandnes, Inga Flateland, Marchel Tiedje, Torleiv Soltun Haugen, Jørund Georg Jore, Kåre Rike, Liv Gunn Viki

Telefonvakter:
Torbjørg Hoftuft, Berit Homme, Bjørg Ragnhild Trydal Jansen, Gudrun Nomeland, Ingebjørg Ellinor Rysstad, Ingun Uppstad, Jorunn Lund Harstad, Jorunn Helle, Solveig Rysstad, Ingebjørg Helle Haugen, Ingunn Åkre, Malmfrid N. Homme

Andre medarbeidarar:
Niklos K. Besteland, Torleiv B. Harstad, Håvard Viki, Siri Johannessen, Katrine Johnsen, Selma Margaret Dahlin, Nina Mari Skinlo

I tillegg kjem folk som har vore med under spesielle sendingar.

Styret vil takke alle for innsatsen i året som har gått.