Syklar til Cuba – og ei bestemor

Share

Ein kan la seg imponere av Jan Olsen og hans Syklar til Cuba-prosjekt. Han har fått med seg heile Setesdal på eit prosjekt som ein ikkje skulle tru var mogleg å gjennomføre. Men år etter år står han på for å prøve å gjere livet litt lettare for nokre av dei aller fattigaste på solskinnsøya i det karibiske havet.

Gjennom åra har også fleire setesdølar vore på besøk og sett at det nyttar, ytt litt av det ein har sjølv til nokre av dei ein har fått kontakt med gjennom Jan sitt arbeid. Ei av dei som gjorde dette var Barbara Iris Frimanslund. Tysdag vert ho gravlagd frå Evje kyrkje, ho døydde sist veke, knapt 90 år gamal. Då ho var 88, reiste ho til Cuba for med eigne augo å sjå Sykler til Cuba-prosjektet til Jan Olsen. Han skreiv om det i Setesdølen 8. desember 2009, illustrert med fine bilete av ei sprek dame som møtte nokre av dei cubanske mottakarane av gåver frå Norge.

Jan Olsen skriv:

“Ei norsk turbobestemor, litt krum i ryggen, men med eit fantastisk glimt i auga, styrte rullatoren sin med sikker hand inn på Jose Marti internasjonale flyplass i Havana for å dra heimatt til Evje. Ho hadde gjeve seg sjølv ei oppleving ho aldri vil gløyme. Og utpå den cubanske landsbygda sit det att to familiar og klyp seg litt i armen. På vel ei vekes tid hadde “aguelita” (den gode bestemora) Iris frå Noreg gjort at livet deira såg ljosare ut enn nokon gong før.”

Lurer du på korleis eg fekk denne historia?

Det skuldast at eg driv og legg inn overskrifter frå Setesdølen på Setesdalswiki. Tilfellet ville at eg i dag la inn ei avis frå desember 2009, der historia om Iris var fortald. Og i går la eg inn Setesdølen frå fredag, der dødsannonsen hennar stod. Arbeidet med Setesdalswiki gjer at eg får mange fleire knaggar å henge stoff om Setesdal på, og om eg ikkje hugsar alt, kan eg jo bare søke litt, så dukkar stoffet opp. Eg skulle ønske at fleire vart med på å leggje inn stoff, det vert ein betre ressurs for Setesdal for kvar dag som går. No er det 1020 artiklar, og vi har bare så vidt begynt på leksikonet. Det er potensiale til 10.000 artiklar, så det er bare å bli med i skrivinga.