Triveleg onsdagskveld

Share

I kveld hadde eg høve til å høyre på Valle Radio, og det vart ein interessant og triveleg kveld. Eg har skrive om det som eg høyrde på setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110406

Eg fekk ikkje med meg starten, men eg trur den første gjesten var Torunn Charlotte Nyberg Lund. Då eg sette på sendinga, snakka dei om Valle Naturkjøt. Dei har visst slakta det første dyret der. Det skjedde hos Jens Eide i Lillesand, det er jo noko meir kortreist enn Nortura, som slaktar på Jæren. Ho var godt nøgd med måten dei tok vare på dyret på og på måten det ferdige kjøtet vart levert på. Men ho kunne nok tenkt at kjøt frå Valle Naturkjøt vart servert til publikum i Setesdal og ikkje i Lillesand. Det meste av kjøtet gjekk nok likevel til andelseigarane, som fekk 45 kg kvar som dei måtte selje sjølv. Det hadde visst ikkje vore noko særleg problem.

Den andre gjesten i den aktuelle timen var lensmannsbetjent Fredrik Korsvik, som alt hadde vore i Valle eit år og difor knapt kunne kallast ny. Han hadde litt kjennskap til Valle som hyttevalldøl, familien hadde hytte på Bjørnevatn. Fredrik Korsvik var aktiv handballspelar og kunne tenke seg å starte ei handballgruppe innan Valle IL.

Etter at Håvard Viki hadde hatt andakt, kom Torleif Homme frå Valle kommune for å ha Kommunen informerer. Han kunne fortelje om fleire planar som kommunen arbeider med: Oppgradering av barneskulen i Valle, områdeplan for Valle sentrum og plan for gang og sykkelveg frå Hylestad barnehage til Holtesvingen. Den sykkelvegen skal skiljast frå bilvegen med autovern, slik at det vert eit sterkt fysisk skilje mellom mjuke og harde trafikantar. Og så er planen å få til ei rundkøyring i krysset, det vil redusere farten forbi skule og barnehage og gjere krysset tryggare for alle partar, ikkje minst om sommaren.

I godt lag går kvelden fort, og det gjorde den med desse to talige personane i studio.