Bergtun spiseri

Share

Bergtun spiseri opnar laurdag 9. april, etter det Tina Høgevold fortalde i Valle Radio onsdagskvelden. Ho var gjest hos Øyvind Jacob frå klokka halv ni til ni, og det vart ein triveleg halvtime.

Frå å vere det som ho tenkte som ein hobbyaktivitet i kjellaren heime, har Bleieboden vakse til å ha 5 personar tilsett og ei omsetning på over 6 millionar. Alle rom heime vart sprengde, og så flytta dei til Nordibø, men også der vart det for trongt, så etter to år måtte dei atter finne meir plass. Dermed kjøpte dei Bergtun, og det gjev grunnlag for meir enn ein internett-butikk. Dei har og utsal for publikum i Valle, og dei sel mykje meir enn det namnet skulle tilseie. Tina fortalde om mangt og mykje ein kan finne i hyllene om ein går innom.

Men Bergtun gav også høve til å få til ein stad der folk kunne få seg kaffe, og både ho og Knut har vore på barista-kurs for å lære å lage kaffe i moderne form, så ein får både espresso og andre typar kaffe om ein tek turen innom. Etter kvart kom også Kristine Bjørgum Forde med i staben, ho har 80 prosent stilling, og då kom ideen om eit spiseri der folk kan kome og få smårettar på dagen. Dei vil ikkje ha kveldstilbod, i alle fall ikkje noko fast, men om folk har ønske om spesielle arrangement, stiller Bergtun gjerne opp. Det har jo alt vore Filosofikafe og Kvinnedag-arrangement. Fredag vert det eit arrangement for inviterte, og laurdag er første opningsdagen for publikum. Men alt no har det vore ein del folk innom for å få seg lunsj, gjerne slutta grupper som har bestilt.

Det ser ikkje ut til å verte noko overnattingstilbod på Bergtun. Då må romma oppgraderast mykje og det er kostbart. Det har vore ei omfattande renovering av dei romma som no er tekne i bruk, både isolasjon og anna vedlikehald er gjort på bygningen. Så får ein ta ting litt etter kvart, sa Tina, ein må passe på så økonomien går rundt.

Tina er aktiv på mange område, ho er dirigent for Setesdal syng ABBA, som skal setjast opp til hausten og som no øver for fullt. Og så skal internettbutikken sine kunder få varene sine, så det er nok å ta tak i. Ho roste samarbeidet med dei andre næringsdrivande i sentrum og såg fram til dei ulike aktivitetane dei skal ha til sommaren.