Frå val til reinhald

Share

Den aktuelle timen onsdag 13. april hadde tre element:

1. Førebuingane til kommunevalet 2011. Jorunn Sørlie Tveiten kom i studio for å fortelje.

2. Revisjonssak for Finndølavassdraget. Helge Kiland frå Faun Naturforvaltning i Fyresdal var på telefonen for å fortelje om kva det går ut på. Håvard Viki kom i studio for å fortelje om livet på Fisstøyl og ved Fisstøylvatnet, der han har støyl. Han las også diktet som lærar Tarald Nomeland skreiv i 1961 då vatnet vart neddemt.

3. Kurs for reinhaldarar i Valle kommune. Marianne Brenna Homme fortel.

Jorunn fortalde at det var levert inn fem listeforslag innan fristen 31. mars. No hadde ho sendt ut brev til 59 kandidatar med spørsmål om dei ville kreve fritak, noko som er vanskeleg å få om ein ikkje har vore i kommunestyret siste fire år eller er medlem av eit anna parti. Det skal veljast 15 medlemmer til neste kommunestyre, så det er to nye element i høve til sist gong, då det vart vald 21 representantar frå fire parti. Valstyret skal godkjenne listene innan 1. juli. Valle KrF leverte nytt forslag innan fristen, så Pål Dale må ikkje trekkje seg, for han stod ikkje på det siste listeforslaget. Slik sett var det ulikt det som skjedde med Toril Rolstad Larsen i Arendal, hadde Demokratane levert inn ny liste då det var klart at ho ikkje ville stå der, hadde ho ikkje vore nøydd til å melde seg inn i Senterpartiet for å unngå å kome på deira liste.

Jorunn må og gjere ein jobb i å rapportere til Statistisk sentralbyrå, mellom anna om kvinneandel og alderssamansetting.

Saken om Finndølavassdraget skal eg kome tilbake til i morgon.

Siste sak i aktuell time var kurset som var for reinhaldarane i Valle kommune tysdag. Det er 12 reinhaldarar i kommunen, og dei treng fagleg påfyll. Marianne Brenna Homme, som er leiar for reinhaldarane, fortalde om ergonomikurset dei hadde med folk frå Setesdal Bedriftshelseteneste. Ved å bruke heile kroppen, vert belastninga ikkje så stor på deler av kroppen. For jobben som reinhaldar er ein tung jobb. Men ho var svært glad for burmesiske og polske reinhaldarar som stiller opp når ho treng vikarar for dei fast tilsette. Utan dei hadde det heile stoppa opp.