Nydelege dagar

Share

Dei fekk høveleg ver då dei skulle skifte torv på taket på Bergtun. I dag var det ikkje brennande heitt, men ein fin dag likevel. Så fin at det godt kunne vore bord og benker ute i sentrum.

Eg trur folk saknar bordet utanfor Valle Handel. Nokre elevar frå ungdomsskulen hadde visst hatt eit opplegg på kommunehuset i dag, og då det var slutt, gjekk dei opp i sentrum for å slappe av. Men bordet dei hadde trengt, det var ikkje der, så dei sette seg i trappa opp til biblioteket. Der fekk dei i seg litt drivstoff i form av snop og snadder. Det såg ut til å vere hyggeleg.

Men då eg kom tilbake ein halv time seinare, låg bare papiret att. Det såg ikkje ut til at nokon av dei hadde høyrt at ein skal ta med seg søpla når ein er på tur. Blomebedet, der det ikkje er blomar, men buskar, var fullt av papir og plast. Gunnar Hillestad kom inn på biblioteket etter å ha vore ute ein tur og kommenterte det. Han sa at han hadde plukka opp det meste, det såg fælt ut.

Det er tydeleg at folk saknar søppelboksane som i sommarsesongen står lagleg til i sentrum. Men ettersom sommarsesongen no er komen, er det nok på tide å få dei ut, sjølv om vi enno ikkje har nådd mai. Det er forresten ikkje så lenge til, så jo fortare, jo betre.

I dag runda Setesdalswiki 1150 artiklar. Eg har von om å klare 1200 til Setesdalskonferansen startar i neste veke. Av ein eller annan grunn kom eg til å snakke om Dr. John G. Arneberg, mannen bak Arnebergs legat som dei har i Bygland. Det var medan eg var på biblioteket, eg hadde lånt ei bok av Furer Aa. Aavitsland som eg leverte i dag. Han etablerte og eit legat. Men Arneberg kom frå garden Ånebjør i Bygland vesthei.

-Vent litt, sa Lisbeth, det er ei bok om Ånebjør. Så gjekk ho i gang med å leite, og då eg kom tilbake til biblioteket noko seinare, låg boka der, skriven av Bjarne Bratteteig, som var forpaktar der tidleg på 1950-talet. Så no les eg den og tenkjer på slitet dei hadde der i vestheia, halvanna mil frå Heggland, utan veg.

Eg bladde litt i boka, men må bruke litt meir tid på den seinare. Eg måtte fyrst bli ferdig med Himmelarkivet av Gaute Heivoll, som eg lånte før påske. Sterk fortelling med Mandal-tilknytning gjorde at eg vart engasjert i det eg las.